Ubesvart anrop

Av Nora Dåsnes. Dramatisert av Toril Solvang-Kayiambakis.

Ei av årets sterkaste teater­fram­syningar (..) Har du ein plan om å senda ung­dommen på teater i løpet av hausten, er det hit dei skal

Går rett i hjertet

Ubesvart anrop lykkes med å vise at trygghet ikke nødvendigvis finnes i forsøket på å forstå alt alene, men i møtet med andre mennesker.

Et viktig minnearbeid, som jeg er glad for at Riksteatret sender på veien

Til ungdommen

Ein knapp månad etter terrorangrepa 22. juli skal Rebekka begynne på vidaregåande. Ho kjenner ingen av dei som døydde, og tenkjer at ho burde klare å ta kvardagen tilbake. Ho forsøker å engasjere seg i revyen, i Daniel med det krøllete håret, i festar og skule og vennar. Problemet er berre at ho tenkjer på det heile tida.  

«Ubesvart anrop» handlar om å leite etter meining i møte med det meiningslause. Om kot vanskeleg det kan vere å nå ut til kvarandre, og kor viktig det er når vi får det til. Stykket er også ei historie om vennskap som held, og om at det finst vegar tilbake! 

Når Riksteatret dramatiserer Nora Dåsnes’ prisløna teikneserieroman 15 år etter 22. juli, er målet å gje unge menneske håp og hjelp til å forstå eiga uro i møte med ei uroleg verd. 

Maja Christensen, fra NRKs ungdomssuksess «Rådebank», spelar hovudrolla. Menneska rundt henne vert spelt av Amina Mohamud, Jawad Aziz, Arjan Nilsen og Christina Sleipnes. 

 Sagt om boka:

 «Full av håp (...) en bragd» 
VG (6)  

«En bok som engasjerer, berører og får leseren til å reflektere rundt både kollektive, politiske samfunnsspørsmål og individuelle, eksistensielle spørsmål» 
Vinnar av Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris

Anbefalt frå 15 år. Ungdommar kan oppleve framsyninga gratis gjennom Riksteatrets billettfond. Er du lærar i 10. trinn og vgs, kan du søke om billettar her

Speletid: 1 time 30 minutt (ingen pause). 

KJØP BILLETT TIL: Ubesvart anrop

Urpremiere: Oslo / Nydalen 17. sep 2026

Turnépremiere: Egersund 22. sep 2026

 

BILLETTPRISER*
Ordinær: 160,-
eks bill avg
*på denne gjelder kun én fast lav pris

 

Rabattoversikt og praktisk informasjon (hørsel, rullestol, etc)

Produsert av Riksteatret

Header