Kva er Riksteatret

Riksteatret er heile landet sitt teater. Vi er til for at folk i heile landet skal ha tilgang til scenekunst av høg kvalitet – same kor i landet dei bur.

Riksteatret er heile landet sitt teater. Vi er til for at folk i heile landet skal ha tilgang til scenekunst av høg kvalitet – same kor i landet dei bur.

Riksteatret vart oppretta ved lov etter andre verdskrigen, som del av den kulturelle gjenreisinga av Noreg:

"... for å fremja arbeidet med å føra dramatisk kunst ut til folket i bygd og by og på andre tenlege måtar å auke kjennskapen til god dramatisk kunst.»
Lov om Riksteatret, 13. desember 1948

HEILE NOREG

Publikummet vårt er alle som bur i Noreg. Vi speler teater på stader som ligg så langt frå einannan at dei like gjerne kunne ha lege i kvar sin ende av Europa. Det medfører at vi må fortelje historier som kan sameine oss, på tvers av dei mange små og store forskjellane vi lever med her i landet – historier vi alle kan kjenne eigarskap til, trass i kor vi bur.

Om vi skal nå fram til alle, vert det gjerne ikkje meir enn éin dag på kvart besøk. Kvelden etter er vi på ein ny plass. Desto viktigare er det då at vi byr på det beste. Tilskodarane skal vere trygge på at når Riksteatret kjem, får dei teater og scenekunst av beste slag.

STARTA I FINNMARK

Den aller første Riksteatret-turneen var «En reise i natten» av Sigurd Christiansen. Turneen gjekk frå Finnmark 16. juli 1949, eit fylke som hadde vore særleg hardt råka av krigshandlingane. Riksteatret sin første sjef, Frits von der Lippe, hadde «Riksteatret – hele landets teater» som motto.

NOREG SITT NASJONALE TURNÉTEATER

Riksteatret speler i dag på 74 kulturhus over heile landet. I løpet av eitt år sender vi ut 10 til 12 teaterproduksjonar på turné og har om lag 400 framsyningar for 150 000 – 200 000 tilskodarar.

Framsyningane til Riksteatret er store, påkosta produksjonar som vert spelt i fullskalaformat i kulturhusa på kveldstid. Når turnégjengen kjem til ein ny spelestad, vert alt det tekniske utstyret bore ut av turnébussen og inn i kulturhuset.
I løpet av nokre få timar har den tekniske staben til Riksteatret bygd opp dekorasjonen og rigga lys- og lydanlegg. Dei har hengt opp og klargjort kostymane for kvelden og gjort seg kjent med dei lokale tilhøva for å sørge for at tilskodarane får ei best mogleg oppleving av framsyninga.

Vi speler éin dag på kvar plass – seks dagar i uka. Til saman reiser Riksteatret meir enn 130 000 km i året med buss, og har meir enn 8000 hotelldøgn i året. På det meste kan teatret ha fem til seks produksjonar på vegen samstundes.

Riksteatret er ein underliggjande etat til Kulturdepartementet. Arne Nøst er i dag sjef for Riksteatret. Han tok over stillinga 1. april 2020 etter Tom Remlov, som då hadde styrt teateret i fem år.

KVA SPELER VI?

Repertoaret spenner frå dei store klassikarane til den nye samtidsdramatikken. Riksteatret legg særleg vekt på å lage teater for barn og familiar. Ambisjonen vår er å tilby scenekunst som vert opplevd som relevant, engasjerande og attraktiv for publikum i heile Noreg.

Vi samarbeider tett med kulturhusa og resten av teater-Noreg og presenterer både eigne produksjonar, samarbeidsproduksjonar og innkjøpte framsyningar frå andre teaterscener.

SKODESPELARAR

Riksteatret er eit prosjektteater. Vi har ingen fast tilsette skodespelarar, men engasjerer frilansarar og skodespelarar frå andre teater. Ein del av oppdraget vårt er òg å gi nye talent ein sjanse. Difor held vi ofte prøvespelingar for å finne aktørar til nye framsyningar.

OPPLEV MEIR

Riksteatret er meir enn framsyningane du ser på scenen. Vi inviterer òg til baksnakk med skodespelarar, verkstad med skodespelarar, introduksjonsforedrag i foajeen eller andre tilleggsaktivitetar. Opplev meir-aktivitetane skal vere med til å styrke opplevinga, auke kjennskap og skape kontakt mellom skodespelarar og publikum.

TILBOD TIL SKULAR

Riksteatret tilbyr eit tilrettelagt opplegg for skuleklassar på eit utval av framsyningane våre. Skuleopplegga er gjerne tilpassa ulike fag – anten i form av førebuingsarbeid til framsyninga eller som fordjuping i etterkant. Vi tilbyr òg skodespelarmøte der det er ynskje om det. Les meir på skulesidene våre.

KVA SKJER I NYDALEN?

Riksteatret er ei samansett verksemd som stiller store krav til logistikk og planlegging. Produksjon, administrasjon og prøver finn stad i Nydalen i Oslo. Der har teatret òg prøveframsyningar før turnéstart.

I tillegg til om lag 70 fast tilsette medarbeidarar fordelt på 27 ulike faggrupper, engasjerer Riksteatret om lag 200 skodespelarar, instruktørar, teknikarar og andre scenekunstarbeidarar i året. Slik blir vi ein av dei største arbeidsgivarane for frilansarar i Norge.

Riksteatret deler verkstad med Nationaltheatret på Brobekk i Oslo.

Noen aktuelle saker fra Riksteatret

Se alle saker

Arne Nøst er sjef for Riksteatret. Han kom til Riksteatret frå stillinga som teatersjef for Rogaland Teater, der han leia teatret med kunstnarleg suksess og publikumsrekordar.

- Riksteatret reiser rundt for å gjere ein skilnad i samfunnet. Som heile landet sitt teater vonar eg at vi kan by på teateropplevingar som tyder noko for alle, same kor i landet dei bur, seier han.

Nøst (født 1962) er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og Statens Kunstakademi i Oslo. Han har jobba som teiknar, skulptør, grafikar og musikar, og har hatt regi- og scenografiansvar for ei rekkje teaterframsyningar over heile landet. Mange vil og hugse han som illustratør for Dagbladet og Aftenposten.

- Riksteatret skal by på det beste og det mest relevante. Om vi først skal putte noko i ein turnébuss og skipe det ut til heile landet, må det vere bra, sa den nye teatersjefen i eit intervju med Kari Slaatsveen våren 2020. Du kan sjå heile intervjuet under.