Av Tarjei Vesaas. Dramatisert av Lasse Kolsrud.

En viktig forestilling som vi alle eier og burde se.

Mattis er veldig fint spilt av Tom Styve (…) virkelig bevegende

Respektfull dramatisering av en norsk klassiker.

En Mattis å bli glad i

Dei som har møtt Mattis gløymer han ikkje. No skal ein ny generasjon få møte han.

Forteljinga om Mattis har fengsla stadig nye generasjonar heilt sidan Vesaas’ roman først kom. Han er så lett å bli glad i – Tusten, som han vert kalla i bygda. Vi dreg kjensel på han, både hos andre og i oss sjølve. Og likevel er det nettopp det at han er så annleis, så heilt seg sjølv, som gjer at han rører så sterkt ved oss – uansett kor vi sjølve er i livet.

Mattis og storesøstra Hege bur åleine og i svært enkle kår. Ho strikkar for å brødfø seg sjølv og broren, men når Mattis prøver seg på ein jobb, går arbeidet gjerne i stå for han. Han lever mest i si eiga verd. Ein dag oppdagar han rugda som trekk over hustaket. Han kjem til å tenkje på seg sjølv som ein slik underleg fugl, og tolkar dette som eit teikn på at noko skal skje. Ikkje lenge etter slår lynet ned i eit av dei høge trea utanfor huset. Dét ser han òg som eit varsel – dei tretoppane blir på folkemunne kalla for Mattis-og-Hege. Og når tømmerhoggaren Jørgen dukkar opp, får husrom hos dei, og Hege og Jørgen etter kvart blir kjærastar, føler Mattis at heile livet er blitt forandra. Kva skal han gjere? Mattis kan ikkje tole eit liv utan Hege.

Fuglane er dramatisert og filmatisert fleire gongar, både i Noreg og utlandet. Denne gongen presenterer vi Vesaas’ meisterverk i ein heilt ny versjon. Han er laga av Lasse Kolsrud, som også har regien. Kolsrud har dei seinare åra hatt ansvaret for eit heilt knippe suksessar på Riksteatret, frå Bikubesong og Førstereis til Kan nokon gripe inn. Han vil gje historia ei unik blanding av robust forteljarglede og sorgmuntert alvor.

Riksteatret skal fortelje historier som sameinar publikum over heile landet – historier som knyter oss til kulturen vi lever i, som gjer livsopplevinga gjenkjenneleg og levande og nær. Og viktig.

I norsk etterkrigslitteratur er Tarjei Vesaas’ roman Fuglane eit slikt felleseige.

Forestillingslengde: 2 timer 20 minutter (inkludert pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 17. januar 2019

Turnépremiere: Seljord 21. januar 2019

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Turneteatret i Trøndelag

KJØP BILLETT TIL:

Gratis intro før forestilling

Vesaas og Fuglane

I forkant av forestillingen inviterer vi til gratis introduksjon om Tarjei Vesaas, "Fuglane" og hvorfor det har blitt en klassiker som berører oss i dag.

Introduksjonen holdes av Riksteatrets dramaturg Tine Thomassen, skuespillerne Ida Ursin-Holm og Ane Ulimoen Øverli eller forfatter og journalist, Olav Vesaas, sønn av Tarjei Vesaas.

Introduksjonen er gratis og åpen for alle.

Sted: I foajeen eller tilstøtende rom på kulturhuset

Tidspunkt: I foajeen 30 eller 45 minutter før forestillingsstart.

PS! Gjelder kun utvalgte steder. Se Kjøp billett for oversikt over steder og tidspunkter.

VIDEOER

Lasse Kolsrud om Fuglane

Tom Styve om Fuglane

Ingvild Holthe Bygdnes om Fuglane

Se alle videoene...

Litteraturhuset i Oslo: Hva skal vi med klassikerne?

Onsdag 9. januar kl 19.00 - på Litteraturhuset i Oslo - samlet Riksteatret noen av vinnerne av Tarjei Vesaas debutantpris til en samtale om hva vi skal lese og hvorfor? Hvordan forholder dagens forfattere seg til klassikerne?

Du møter Kjersti Annesdatter Skomsvold og Tore Renberg i en samtale med regissør Lasse Kolsrud, som også står bak teateroppsetninger som "Bikubesong" og "Kan nokon gripe inn". Teatersjef Tom Remlov leder samtalen, og det vises utdrag fra teaterforestillingen.

På scenen

  • Tom Styve

    Tom Styve

    Skuespiller

  • Ingvild Holthe  Bygdnes

    Ingvild Holthe Bygdnes

    Skuespiller

  • Tore B Granås

    Tore B Granås

    Skuespiller

  • Mads H. Jørgensen

    Mads H. Jørgensen

    Skuespiller

  • Lars Helge Throndsen

    Lars Helge Throndsen

    Skuespiller

  • Ida Ursin-Holm

    Ida Ursin-Holm

    Skuespiller

  • Ane Ulimoen  Øverli

    Ane Ulimoen Øverli

    Skuespiller

Kunstnerisk team

  • Lasse Kolsrud

    Lasse Kolsrud

    Regissør

  • Milja Salovaara

    Milja Salovaara

    Scenograf

  • Kjetil Schjander  Luhr

    Kjetil Schjander Luhr

    Komponist