Stormfulle høyder

Av Emily Brontë. Dramatisert av Rebekka Nilsson og Florian Hellwig.

Kraftprestasjon fra Emma Bones

Mystisk og vilt (...) Emma Bones stel showet

Ei medrivande og dramatisk historie om klasseforskjellar, hemn og umogleg kjærleik.

Den foreldrelause guten Heathcliff blir tatt inn av familien på godset Wuthering Heights, og i løpet av kort tid blir han og dottera i familien, Catherine, svært knytt til kvarandre. Den sterke kjensla av tilknyting held seg sjølv etter at Catherine giftar seg med den rike naboen Edgar Linton.

Handlingen, dilemmaene og den umulige kjærligheten hører ikke bare fortiden til, det har relevans for vår tid, våre klasseskiller, våre kulturelle motsetninger.

⚄ Adresseavisen

Emily Brontës romanklassikar «Stormfulle høyder» er ei av tidenes største kjærleiksforteljingar. Catherine og Heathcliffs intense kjærleik er tidlaust fascinerande. Her er det ingen heltar. Berre menneske. Drivne av fortviling, hemnlyst og sjalusi. Og av dei destruktive, stormfulle kreftene i naturen.

Stilig scenografi (...) Kostyme og koreografi er sentrale i karakterskapinga og historieforteljinga, og det er godt gjort her.

NRK

Mange TV-seriar og filmatiseringar er blitt gjort av «Stormfulle høyder». TV-serien «Normal People» har klare referansar til Brontës verk, og mange har vel høyrt «Wuthering Heights» av Kate Bush?

Handlingsreferat - Stormfulle høyder

Med Riksteatret får du oppleve Emma Bones (frå NRKs «Heimebane» og Netflix "Ragnarok") og Ravdeep Singh Bajwa (fra NRKs Norsk-ish og Netflix "Julestorm") som Catherine og Heathcliff i ein moderne versjon av den britiske klassikaren, ei fargerik og musikalsk framsyning om kjærleik og øydeleggjande krefter.

Av Emily Brontë. Dramatisert av Rebekka Nilsson og Florian Hellwig.

Forestillingslengde: 2 timer 20 minutter (inkludert pause).

Premiere: Oslo / Nydalen 25. jan 2023

Produsert av Riksteatret.

KJØP BILLETT TIL: Stormfulle høyder

For deg som vil vite litt mer

Header