Slik blei Vaffelhjarte til

Hadde Maria Parr (38) vakse opp i ei tid med smarttelefonar, skjermar og digitale dingsar, hadde ho neppe blitt norsk barnelitteratur si superstjerne.

Hadde Maria Parr (38) vakse opp i ei tid med smarttelefonar, skjermar og digitale dingsar, hadde ho neppe blitt norsk barnelitteratur si superstjerne.

For det var når Maria kjeda seg, anten på skulen eller i andre samanhengar på Fiskå i Vanylven, at ho dikta historier som blei til bøker som Vaffelhjarte.

Treng å kjede seg
Maria Parr har reflektert ein del om kva som hadde skjedd om ho hadde hatt høve til å fylle ungdomstida med digital underhaldning frå morgon til kveld. Hadde vi høyrt om Maria Parr og universet hennar da?

– Nei, eg må nok vere så ærleg, sjølv om det er vanskeleg å vere skråsikker når ein er hypotetisk. Eg skal ikkje idyllisere det å kjede seg, og eg har ikkje noko korstog mot digitale dingsar, men eg trur vi treng å kjede oss og ha dødtid for at det skal kunne oppstå nye ting i oss sjølv, seier Maria Parr, som har fått ei rekke norske og internasjonale prisar for barnebøkene sine.

Astrid Lindgren
Forfattaren av Vaffelhjarte, som nå blir sett opp av Riksteatret med turnepremiere i Ålesund, blir ofte omtala som ei ny Astrid Lindgren. Også i Sverige blir Maria samanlikna med det store idolet sitt. Så kva har Astrid Lindgren betydd for Maria?

– Av og til lurer eg på om eg i det heile hadde vore barnebokforfattar om det ikkje var for Astrid Lindgren. Eg skreiv særoppgåve om henne det siste året på ungdomsskulen, og vart så fascinert, både av bøkene og av forfattaren. Og slik det gjerne er i den alderen, så ville eg bli slik som henne. Sidan eg likte å skrive og lage historier så gav det meining å tenkje at eg kunne bli barnebokforfattar, seier Maria, som er utdanna lektor med mastergrad i nordisk litteratur.

Skapt på ungdomsskulen
Siste året på ungdomsskulen fekk klassen hennar i oppgåve å skrive første kapittelet i ei bok, og da begynte Maria på Vaffelhjarte.

– Det kapittelet er faktisk med i boka ennå (Noas sjark). Men det tok ti år før eg var såpass stødig at det kunne bli ei ekte bok, fortel Maria.

Barnebøker mest viktig
– Du har sagt at du ikkje kan tenke deg meir viktige bøker enn barnebøker. Kvifor?

– Viss du spør nokon kva for ei bok som har gjort mest inntrykk på dei, så svarar veldig mange barne- og ungdomsbøker. Det vi les eller høyrer som barn er med på å forme oss og kan sette djupe spor, både som trøyst, som oppleving og som tankevekkjar. Det er eit stort privilegium å prøve å lage best mogleg bøker til denne aldersgruppa, fordi eg veit det kan bety noko og vere viktig.

Aldri ta håpet
– Kva er god barnelitteratur?

– På same måte som all anna litteratur må han gjere inntrykk og få lesaren til å kjenne på noko, føle noko. Vi treng også alle typar bøker for barn. Den einaste regelen eg har, er at eg ikkje vil lage historier som tek håpet frå barn. Det ser eg ikkje poenget med.

Lena og Trille
Lena og Trille i Vaffelhjarte. Korleis blei dei til? Ramla dei berre inn døra utan å banke på?

– Eg hugsar ikkje når Trille og Lena vart til. Dei har alltid vore i hovudet mitt. Eg brukte å fortelje godnatthistorier til søskena mine då vi var små, anten dei ville eller ikkje. Då fortalde eg ofte om Trille og Lena. Kvar dei kom ifrå må fuglane vite.

Vaffelhjarte
– Ein fin tittel – bakgrunnen?

– Når barn spør om dette så svarar eg at Trille og Lena et mykje vaflar og at boka handlar om ”hjarte-ting”. Sjølv har eg fått så mykje vaflar etter at eg skreiv den boka at det er ei sann fryd.

Om dei mange ville påfunna til Lena og Trille, seier Maria at ho var eit forsiktig barn, og at påfunna nok er ein lengsel etter å tore å gjere slike ting sjølv. Trille er karakteren Maria sjølv identifiserer seg mest med som barn.

Bestevenn
– Bestevenner, og om ein må ha ein bestevenn, er eit tema som elevar ofte blir bedt om å drøfte etter å ha lese Vaffelhjarte. Kva tenker du om det?

– Eg begynte på denne boka då eg var veldig ung, og akkurat dette er nok noko eg ville ha skrive litt annleis i dag. Ein må ikkje ha ein bestevenn. Ein må ha venner. Det essensielle er å ha eit eller fleire menneske som du kan rekne med.

Riksteatret
Da Maria høyrde at Riksteatret skulle sette opp Vaffelhjarte, blei ho rørt.

– Når ein veks opp ute i distrikta, slik eg har gjort, så veit ein kva det betyr at barnekulturen reiser rundt på den måten. Vi vaksne kan som regel kome oss dit vi vil, men som barn er du ofte prisgitt det tilbodet du har i nærmiljøet. Derfor heiar eg veldig på slike aktørar som Riksteatret, Den kulturelle skulesekken og Bokbåten. Eg trur nesten ein må ha vore barn på ein slik stad for å fullt ut forstå kva desse tilboda faktisk betyr!

Fakta om Maria Parr

• 2005: Debuterte med Vaffelhjarte
• 2009: Blei superstjerne med Tonje Glimmerdal
• 2017: Får enda ein Bragepris for Keeperen og havet
• Har fått ei rekke norske og internasjonale prisar
• Barnebøkene er gitt ut i 28 land.

Les mer om forestillingen Vaffelhjarte

Artikkelen er skriven av Freddy Kongsberg for Parken Kulturhus og er lagt til rette av Jan Chr Næss for Riksteatret.