Hjartevarmt Vaffelhjarte
Treffer rett i vaffelhjertet
Vemodig og vakkert om oppvekst i distriktet
En hyllest til vennskapet
Ein venn i livet skulle alle ha!
Maria Parr er blitt omtalt som vår nye Astrid Lindgren og norsk barnelitteraturs nye superstjerne. Vaffelhjarte kjenner du kanskje også frå TV-serien på NRK med musikk av Odd Nordstoga? Med Riksteatret kan du glede deg til ei fartsfylt teaterframsyning med humor, varme og mykje musikk. Og lukta av nysteikte vaflar, så klart.
Vaffelhjarte handlar om dei to barna Trille og Lena i den vesle bygda Knert-Mathilde. I Riksteatrets store familieframsyning følger vi dei to oppfinnsame barna gjennom liv og vaffelrøre eit heilt år. Dei finn på masse moro, gjer rampestrekar og har hemmelegheiter saman. Ofte går det litt over styr i den vesle bygda deira. Og innimellom alt leven og latter fortel Trille lågmælt om alvor og sorg i eit barneliv, og om redselen for å miste dei han er glad i. Men Farfar følger med – og han er god å ha. Og Tante-Farmor, som lagar verdas beste vaflar, forsikrar Trille om at han ikke treng vere redd.
Passer for barn fra 5 år.
Av Maria Parr.
Dramatisert av Jesper Halle.
Med musikk av Odd Nordstoga
Forestillingslengde: 1 time 50 minutter (inkludert pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 7. feb 2020
Produsert av Riksteatret