Beckett

Ein tolvåring finn seg papir og blyant og set seg for seg sjølv og skriv.

Ein tolvåring finn seg papir og blyant og set seg for seg sjølv og skriv.

Han skriv det han trur er eit dikt. Og det er jo eit dikt, det ser han. Og han merker at noko er sagt og at diktet tar sin plass i verda og det på ein ganske annan måten enn når ein berre seier noko. Diktet står der for seg sjølv, i verda. Og tolvåringen skriv setningar som set ein person i ein eller annan samanheng, der personen gjer og seier noko, og det som er rundt personen er med på å bestemme kva han gjer og seier, og så er det andre personar som også gjer og seier noko, og dermed er alt sett i rørsle. Alt saman liknar på verda, men det er ikkje ute i verda at det skjer, men i setninganes eiga verd. Ord sette saman i mønster til setningar. Det er ikkje orda i seg sjølv som gjer at alt skjer, det er setningane. Det er verda i setningane.

Eg trur eg kan skildre mine første røynsler med dikting omtrent slik. For ja mine første forsøk på det ein kan kalle for dikting, dei kom til då eg var omtrent tolv år. Og det må vel tyde at eg begynte å dikte omtrent samtidig med at puberteten tok tak i meg. Det må sjølvsagt vere ein samanheng der, men korleis, det veit eg ikkje, men eg veit at eg fann fram til diktinga som ein hemmeleg plass i livet omtrent i dei år. Eg skreiv ikkje så mykje, men det hende, og dei heller få gongene eg gjorde det, ja dei var viktige, ja faktisk så viktige at eg ikkje, trettifem år seinare, har vanskar med å vere tilbake i den nyfikne og for­ventnings­fulle stemninga eg var i då eg, slik kjendest det ut, braut ut og skreiv. For at det å skrive var ei slags utbryting, eit slags lovbrot, det visste eg nok. Eg var ikkje tiltenkt slikt. Men så var det berre det at eg likte fælt så godt å gjere det eg ikkje skulle gjere. Det var overskridande å skrive. Det overskreid mi bestemming i livet. Og mykje meir, det overskreid sjølve livet. Det var farleg.

Dei første åra skreiv eg sjølvsagt svært lite, og eg las lite og ingenting. I heile barndommen min las eg nesten ingenting. Men eg skreiv litt. Og etter kvart så festa skrivinga seg i meg og blei eit trekk ved personlegdomen min. Og dermed begynte eg også å lese andre som skreiv, dei som var diktarar og forfattarar. På skulebiblioteket fanst ein del bøker. Eg begynte å låne og å lese bøker. Ikkje så mange, men nokre, og nokon syntest eg var forferdeleg dårlege, dei prata og ville og var ikkje tilfelle, medan andre var heilt og fullstendig tilfelle og gjorde verda både sannare og større og så mangt anna. Knut Hamsun skreiv slik. Og Tarjei Vesaas gjorde det. Og så, for moro skyld, prøvde eg å skrive som Hamsun. Og eg prøvde å skrive som Vesaas. Og som andre. Eg blei eldre, og då eg hadde flytta heimefrå for å gå på gymnas, skreiv eg, i sekstenårsalderen, den første romanen min. Det er sant. Den var ikkje så lang, truleg seksti-sytti sider lang, og den likna veldig på ein roman av Tarjei Vesaas. På ein måte var det ikkje eg som skreiv romanen, det var ein som forsøkte å skrive som Tarjei Vesaas som skreiv den. Eg la den bort. Og der fekk den ligge.

Etter kvar skreiv eg nesten ikkje sjølv lenger. Eg studerte, blant anna allmenn litteraturkunnskap, og eg las mykje, norsk litteratur og verdslitteratur, og det eg vel blei mest fascinert av, særleg fordi eg ikkje forstod det, og det derfor stod der som noko høgt og uoppnåeleg som eg gjerne ville nå opp til, det var den modernistiske romanen, aller mest The Sound and the Fury av William Faulkner. Men også den, ja for no å kalle den det, den modernistiske dramatikken, som jo var litt enklare å forstå, særleg Becketts Waiting for Godot, opptok meg mykje. Eg las, men skreiv gjorde eg ikkje, eller eg gjorde det, men dikta gjorde eg ikkje, for ved sida av studiane mine arbeidde eg som journalist i ei lita avis i Bergen, og no var det for den avisa eg skreiv, notisar, intervju, reportasjar. Eg likte den skrivinga. For det å skrive journalistikk var ganske likt på det å dikte, den eine store skilnaden var at ein måtte bruke levande personar og det dei sa og gjorde i setningane sine, i staden for dei oppdikta sjelene. Det paste meg fint.

Etter kvart begynte eg å dikte igjen. Og no merka eg at mykje av det eg hadde lese også var til stades i det eg skreiv, av og til direkte, men som regel berre som noko setninga eg skreiv løynt peika mot, eller at setninga eg skreiv blei peika på av ei anna setning. Det eg skreiv voks på det viset. Det blei del av ein stor fellesskap, av ein stor samanheng, av litteraturen. For litteraturen var slike samanhengar, samtidig som den var aldeles, forunderleg sjølvstendige, eigenarta stemmer, som jo ikkje var stemmer, men noko anna. Dei dårlege forfattarane forsvann ut i det dei visstnok trudde var røyndomen, medan dei gode forfattarane let sjela si bli verande att i skrifta når dei så å seie i sine setningars verd skreiv fram røyndomen slik den er. Det vil seie slik den er sett gjennom den avstanden den litterære skrifta har til røyndomen. Og denne avstanden tenkte eg meg at var sjela i litteraturen. Og denne sjela var så tydeleg til stades at sjølv når ein sterk forfattarar likna på ein annan forfattar, så pressa eigenarten seg så lysande igjennom. Det var nesten slik at dei forfattarane som ikkje hadde minningar om andre forfattarar, av litteratur, i det dei skreiv, det var også dei som hadde minst eigenart, minst sjel.

Det finst mange gode forfattarar. Men ein av dei som ganske tidleg stod tydeleg for meg var altså Beckett. Eg las ikkje så mykje av han. Og det meste han skreiv har eg framleis ikkje lese, og eg kjem nok truleg heller ikkje til å gjere det. For det trengst liksom ikkje. Eg veit det alt, på eit vis. Når eg har blitt spurd om kvifor eg likar Beckett så godt, kan eg svare at det er fordi Becketts dikting er taparens siger. For som Beckett sa, til sist innsåg han at han ikkje måtte prøve å vere flink og å få det til i det han skreiv, han måtte skrive fram sitt nederlag. Det var først då han innsåg det at han fekk til å skrive. «The vision at last,» som han sa. Men det svaret er kanskje ikkje så godt, så eg plar svare at eg likar Beckett så godt på grunn av sjela i setningane hans. Det er ikkje så verst svart, om det heller ikkje er så veldig godt sagt. Men sjølvsagt er heller ikkje det noko uttømmande svar.

Etter kvart – eg skreiv min første publiserte roman då eg var tjue år gammal, den blei utgitt då eg var tjuetre – blei eg altså sjølv forfattar. Og korleis vere forfattar? Det må ein finne ut av sjølv, men det finst jo mange som har gått føre ein, og som ein kanskje kan lære noko av. Eg har prøvd å lære av fleire, men også av Beckett. I mi eiga dikting har det nok hent at eg har brukt Beckett som vegg, som noko eg kunne bruke til å skubbe ifrå, det ligg jo alt i ein tittel som Nokon kjem til å komme. Sant å seie har eg nok skrive meir mot enn med Beckett. Men fascinasjonen min for Beckett har ikkje berre med diktinga hans å gjere, men òg med livet hans, med den tverre og reine måten han ikkje berre skreiv fram, men òg levde fram, sitt bilete på.       

Eg ser veldig opp til Beckett, og nettopp derfor er eg glad for at eg aldri trefte han, og, det er fælt å seie det, eg er også glad for at eg aldri kjem til å treffe han. Det er nok best slik.

 Tidlegare trykt i Theater der Zeit i 2005