Vellykket teaterdebut fra Erik Poppe
Feelgoodkomedie (..) Veldig gøy å se på!
Briljant (...) Øystein Martinsen og Hallvard Holmen skin i alle rollene
en skikkelig feelgood forestilling som får deg i godt humør
en festlig forestilling med en merkbar kjærlighet i bunn
Gjer deg klar for feelgoodkomedie basert på Stones in His Pockets med Erik Poppe i registolen og to velopplagte skodespelarar i 18 roller!
Ein Hollywood-film skal spelast inn på ein liten stad i Noreg, og til liks med ein stor del av dei lokale innbyggjarane har to rappkjefta unge menn lete seg hyre inn som statistar. Korleis reagerer det vesle lokalsamfunnet på møtet med sleipe produsentar og verdsvande divaer?
Stones in His Pockets starta som pubteater, og har sidan gått for fulle hus i Londons West End og på scener over hele verda. «Gå og sjå, og ver førebudd på å le og bli overvelda», skreiv pressa etter premieren. Her heime hugsar mange Nationaltheatret si oppsetting med Kåre Conradi og Øystein Røger i rollene, som var på turné med Riksteatret og blei sendt på NRK.
Med stjerneregissør Erik Poppe i registolen og Hallvard Holmen (Roy i NRKs Himmelblå) og Øystein Martinsen (Kark i NRKs Vikingane) på scenen, gjer Riksteatret Stones in His Pockets – som opprinneleg foregår i Irland – om til ei filminnspeling i Nord-Noreg. Erik Poppe har førstehandskunnskap om kva som skjer når underhaldningsindustrien rykkjer inn med heile kjempeapparatet sitt og forvandlar et inkjeanande lokalsamfunn til ein einaste stor «location». Derfor vil han også vite å ta vare på det skjøre vesle alvoret som ligg under humoren.
For til sjuande og sist er Stones in His Pockets kanskje meir aktuell enn nokonsinne. Med forteljinga om kollisjonen mellom lokal og internasjonal kultur, og om vanlege menneske si oppleving av ikkje lenger å bli sett og høyrt, grip framsyninga rett inn i dagens Noreg.
--
"**** Eit fantastisk stykke"
The Herald
"Gå og sjå det, og ver førebudd på å le og bli overvelda"
Sunday Times
"Best New Comedy"
Laurence Olivier Award
"Best New Comedy"
Evening Standard Award
--
Av Marie Jones. Omsett og bearbeida av Ragnar Olsen.
Produsert av Riksteatret.
Forestillingslengde: 1 time 40 minutter (ingen pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 20. september 2018
Turnépremiere: Flekkefjord 26. september 2018
Produsert av Riksteatret