En forestilling som treffer
Frisk, ungdommelig og imøtekommende. Skuespillerne er fremragende.
Det er action, det er kjærlighet, det er lek og det er alvor.
Hanna-Maria Grønneberg og Herbert Nordrum imponerer som Romeo og Julie.
Regissøren, scenografen og lysdesigneren har skapt mange utsøkte tablåer.
Den største kjærleikshistoria av dei alle.
Kjærleiken kan få deg til å risikere alt du er og alt du har. Berre spør Romeo og Julie. Dei er unge. Dei er stormforelska. Og som alle unge er dei udødelege. Men kjærleiken deira er forboden. Ei natt er alt dei får.
William Shakespeare si kjærleikshistorie frå slutten av 1500-talet er blitt ein inspirasjon for nesten alle historier vi kjenner om ung og umogleg kjærleik i TV, film, bøker og teater. Når Riksteatret og Nationaltheatret går saman om å spele originalhistoria, er det med eit stort ensemble og sett i scene av ein av Noregs mest ettertrakta regissørar.
Sigrid Strøm Reibo (36) er kjent for å gjere klassikarane tilgjengelege for eit stort publikum. Ho står bak prisløna teateroppsetjingar som trippel Hedda-vinnar Orlando på Rogaland Teater, Som dere vil med Bertine Zetlitz på Nationaltheatret og publikumsfavoritten Peer Gynt på Gålå. Vi veit at ho vil gje oss ein ung og frisk versjon av Romeo og Julie – tru mot originalen, og trulaus mot alle som trur dei kjenner historia!
Etter premieren på Nationaltheatrets hovudscene, skal Romeo og Julie besøke 50 stader med Riksteatret i heile landet. Med unge lovande Hanna-Maria Grønneberg og Herbert Nordrum som Romeo og Julie og skodespelarar som Anne Krigsvoll, Eindride Eidsvold og Petronella Barker i eit stort ensemble på scenen, ønskjer vi deg velkomen til haustens storsatsing på Riksteatret!
Forestillingslengde: 2 timer 20 minutter (inkludert pause).
Turnépremiere: Gjøvik 12. sep 2019
En Riksteaterproduksjon i samarbeid med Nationaltheatret.