Live talkshow med Don Martin, DJ og lokale gjester.
"Mellom linjene" er eit ekte one night only show der Don Martin presenterer stemmer han likar. Menneske som utfordrar og set ord på det som ofte forblir usagt.
Don Martin, rappar og forfattar, leier programmet og inviterer folk som skriv musikk, bøker, dikt, standup og teater. Samtalene går mellom og bak linjene, og gir publikum ei unik moglegheit til å høyre historier som ikkje alltid når offentlegheita.
DJ Lemon Kurd set stemninga med funk, soul og hiphop, og skaper ein atmosfære som oppfordrar til både refleksjon og feiring.
"Mellom linjene" er ein del av Riksteatrets gratistilbod til publikum.
Kvelden før kan du sjå Don Martins kritikarroste «En gang Romsåsgutt». Kjøp billett her.
Produsert av Don Martin og Hedda Sandvig. Produsert for turné av Riksteatret.