Kakejazz

Av Gunnar Eiriksson

Når barna får styre showet!

Har du nokon gong vore åleine heime og bakt kake heilt utan oppskrift?  Akkurat sånn kjennest det når Riksteatret inviterer små og store inn i den sprudlande familieframsyninga «Kakejazz». Her er det klart for kakefest, kaos og kreative krumspring.

Familien Grytebust skal bake kake, men så ringer telefonen! Det er frå jazzklubben Den blå mugge. Eit jazzorkester har avlyst, og no må dei ha mamma og pappa på scenen med éin gong. Straks døra lukkar seg bak dei, opnar det seg ei herleg ny moglegheit. No kan barna lage akkurat den kaka dei sjølv vil, og blande inn kva som helst! Men kva skjer når dei tømmer urna med bestefar oppi røra? 

«Kakejazz» boblar av humor, rytme og skaparglede. Gunnar Eiriksson er ein lur og leiken regissør og veit akkurat kva som skal til for å få barna til å lene seg fram i stolen og dei vaksne til å le med. 

Og kven veit, kanskje får du også smake på kaka!

Framsyningslengde: 1 time 15 minutt (ingen pause).

Passar for barn frå 5 år. 

Framsyningslengde: 1 time 15 minutt (ingen pause).

KJØP BILLETT TIL: Kakejazz

På scenen

  • Julia Sørensen

    Julia Sørensen

    Skuespiller

  • Martin Hopland Dyngeland

    Martin Hopland Dyngeland

    Skuespiller

  • Kim Helge Strømmen

    Kim Helge Strømmen

    Skuespiller

  • Tiril Heide-Steen

    Tiril Heide-Steen

    Skuespiller

  • Jon Vegard Hovdal

    Jon Vegard Hovdal

    Skuespiller

  • Peder Varkøy

    Peder Varkøy

    Musiker

  • Julie Falkevik Tungevåg

    Julie Falkevik Tungevåg

    Musiker

Kunstnerisk team

  • Gunnar Eiriksson

    Gunnar Eiriksson

    Regissør, Dramatiker

  • Mari Lotherington

    Mari Lotherington

    Scenograf, Kostymedesigner

  • Mathias Langholm Lundgren

    Mathias Langholm Lundgren

    Lysdesigner

  • Morten Haug Serigstad

    Morten Haug Serigstad

    Lyddesigner

  • Espen Mauno

    Espen Mauno

    Komponist og musikalsk ansvarlig

  • Kristofer Blindheim Grønskag

    Kristofer Blindheim Grønskag

    Dramaturg

  • Anita Basmo Bjørnstad

    Anita Basmo Bjørnstad

    Produsent

Produsert av Riksteatret

Header