Strålende teater
Jeanne d’Arc er både vakker og grusom
Usedvanlig vellykket
Dette er fascinerende intenst, stramt og interessant teater med gode prestasjoner
Jeanne d'Arc er et lite, men hele tiden sterkt skinnende lys (…) Monica Dybwad gjør en kraftprestasjon
Skodespelar- prestasjonane, scenografien, lys og musikk gjer dette til ein fornøyeleg og underhaldande framsyning.
Minneverdig: Historien om Jeanne d’Arcs liv og skjebne er både opprørende og inspirerende
Korleis kan ei ung jente bli eit ikon for ei heil verd?
Historia om Jeanne d'Arc har engasjert og fascinert gjennom århundra. Livet hennar var like dramatisk som det var kort. Bondejenta blei berre 19 år, men rakk å leie soldatar i krig, krone ein konge og tenne eit håp som skulle bli vendepunktet i Frankrikes hundre år lange krig mot England.
I dag, nesten 600 år seinare, slåst vidt forskjellige grupper om eigarskap til Jeanne. Katolikkar, feministar, nasjonalistar – alle vil ha henne som sin frontfigur. Kven var Jeanne d'Arc, og kor kom motet hennar frå? Kva er det med lagnaden hennar som framleis rører oss – lenge etter at ho blei brent på bålet, og gjort til helgen?
- Eg er interessert i mennesket Jeanne d'Arc. Ei så ung kvinne på 1400-talet som klarer det utrulegaste. Kva driv ei ung jente til å få til alt dette? Ho sto opp mot makthavarane, og det vitnar om ein person med høg integritet og stor drivkraft. Det er dei menneskelege aspekta eg er interessert i, seier regissør Eline Arbo.
Anbefalt aldergrense 15 år.
Gratis intro! Før kvar framsyning på turné blir det eit introduksjonsforedrag i regi av Nobels Fredssenter med tittel «Kva er vi villige til å kjempe for i dag?» Fredssenteret er invitert med på turné i kraft av å vere forvaltar av nokre av vår tids viktigaste historier om menneske som kjempar for noko større enn seg sjølv. Les meir
Av Lucas Svensson. Oversatt av Oda Fiskum.
Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 26. aug 2022
Turnépremiere: Svolvær 31. aug 2022
Produsert av Riksteatret