1984 dub

Av Tore Vagn Lid, fritt etter George Orwell.

Kunsten å overvake (seg sjølv).

«Tankeforbryting», «Storebror ser deg», «Kald krig» og «2+2=5». Begrepa stammar frå George Orwell, forfattaren bak klassikarar som Animal Farm og 1984. I dei urolege 1930- og 40-åra blei den britiske forfattaren intenst opptatt av å avsløre totalitære system og verne om enkeltmennesket midt i ein straum av politisk retorikk og masserørsler frå ytste venstre til ytre høgre. 

Kor finst, og finst eigentleg, sanning og fridom når ideologisk kamp tar over alt? Er vi menneske villige til å gjere kva som helst for å få eller halde på makt – frå å forfalske vår eiga historie til å angje eller kansellere våre nærmaste? 

Frå ei anna uroleg tid, nemleg vår eiga, møter regissør og dramatikar Tore Vagn Lid Orwell i ei ny musikalsk framsyning som spelar vidare på det fengande og farlege universet hans. Med utgangspunkt i kjærleikshistoria i kjernen av romanen 1984, beveger Vagn Lid seg gjennom Orwells forfattarskap og ut i vår samtid.  

Her er det ikkje lenger i like stor grad «Partiet» og «Storebror» som står for overvakinga. I algoritmanes og den kunstige intelligensens tidsalder kan overvaking i større grad handle om kunsten å overvake seg sjølv. 

På scenen møter du Trond Espen Seim, Jonas Strand Gravli, Maria Omarsdottir Austgulen, Torbjørn Berglund Eriksen, Hanna-Maria Grønneberg og Eirik Fosstveit. 

Framsyningslengde: 2 timar 20 minutt (inkludert pause). 

KJØP BILLETT TIL: 1984 dub

På scenen

  • Trond Espen Seim

    Trond Espen Seim

    Skuespiller

  • Torbjørn Berglund Eriksen

    Torbjørn Berglund Eriksen

    Skuespiller

  • Hanna-Maria Grønneberg

    Hanna-Maria Grønneberg

    Skuespiller

  • Maria Omarsdottir Austgulen

    Maria Omarsdottir Austgulen

    Skuespiller

  • Jonas Strand Gravli

    Jonas Strand Gravli

    Skuespiller

  • Eirik Hellerdal Fosstveit

    Eirik Hellerdal Fosstveit

    Musiker

Kunstnerisk team

  • Tore Vagn Lid

    Tore Vagn Lid

    Dramatiker, Regissør

  • Kyrre Bjørkås

    Kyrre Bjørkås

    Scenograf

  • Martin Myrvold

    Martin Myrvold

    Lysdesigner

  • Charlotte Høyem Osburg

    Charlotte Høyem Osburg

    Kostymedesigner

  • Glenn Erik Haugland

    Glenn Erik Haugland

    Lyddesigner

  • Julia Jayko Fossland

    Julia Jayko Fossland

    Grafikk, modellarbeid

  • Silje Vigerust Vinjar

    Silje Vigerust Vinjar

    Produsent

Produsert av Riksteatret

Header