”En lysende Beckett-oppsetning", skreiv Aftenposten og VG kasta terningen til 5. Bjørn Sundquist får strålande kritikker for si oppsetjing av Samuel Beckett sitt meisterstykke Mens vi ventar på Godot.
”En lysende Beckett-oppsetning", skreiv Aftenposten og VG kasta terningen til 5. Bjørn Sundquist får strålande kritikker for si oppsetjing av Samuel Beckett sitt meisterstykke Mens vi ventar på Godot.
– Fyrste gongen eg såg stykket som ung student, trudde eg at eg skulle le meg i hel, seier regissør Bjørn Sundquist. – Likevel dreiv eg omkring i gatene i Oslo heile natta. Det var uråd å få stykket ut av kroppen.
Mens vi ventar på Godot er ein av verdsdramatikkens mest kjente titlar, og har vorte ei standardformulering for langt fleire enn dei som har sett skodespelet. Skriv «waiting for» på Google eller YouTube, og sjå kva som skjer. Stykket hadde urpremiere i Paris 1953, og etter det har «Godot» vorte ein klassikar som vert framført over heile verda. Mens vi ventar på Godot er i anglo-amerikansk litteratur omtala som det teaterstykket ”where nothing happens – twice.” Nett so tilskodarane til ein James Bond-film veit at Agent 007 kjem til å overleve, anar tilhørerane til Becketts stykket at Godot ikkje kjem. Eller gjer han det i denne versjonen?
I Riksteatret og Det Norske Teatret sin oppsetjing, har skodespelarbrørne Jan og Stein Grønli hovudrollene, og tredje bror Pål er inspisient. I mange år har dei ønska å reise på turné med ”Godot” og ha Bjørn Sundquist som regissør. Med seg på scena har dei òg Robert Skjærstad, Sigmund Sæverud og Duc Mai-The.
Pressen skriv m.a:
"En lysende Beckett-oppsetning"
Aftenposten
"Sundqvist turnerer sitt stoff bomsikkert. Og brødrene Jan og Stein Grønli er noe nær perfekte i sine roller, fremfor alt fordi de i tillegg til solid og rutinert håndverk, har akkurat den fornødne, vibrerende varmen mellom seg, som forandrer det som kunne vært det rene vås, til virkelig, oppfattelig og erfart livsfølelse."
VG, Terningkast 5
Før framsyninga inviterer Riksteatret og Det Norske Teatret til Beckett-intro i kulturhusfoajeen ved dramaturg Tine Thomassen. Premiere i Oslo, Nydalen 3.oktober 2013. Turnépremiere i Aksdal 10.oktober 2013.Oslopremiere på Det Norske Teatret 9. januar 2014.
Med Jan Grønli, Stein Grønli, Duc Mai-The, Sigmund Sæverud og Robert Skjærstad.Produsert av Riksteatret i samarbeid med Det Norske Teatret. Omsett av Åse-Marie Nesse og Halldis Hoaas. Regissør Bjørn Sundquist. Scenograf og kostymedesignar Bård Lie Thorbjørnsen. Lysdesignar Antonio Rodrigues-Andersen.