Stormfulle høyder er til å brøle av

AHHH YAAA YAAA OHHH YAAA!

Forfatter Olaug Nilssen er ei av dei mange som er begeistra for romanklassikaren "Stormfulle høyder"

Forfatter Olaug Nilssen er ei av dei mange som er begeistra for romanklassikaren "Stormfulle høyder"

Wuthering Heights av Emily Brontë kom ut første gong I 1847, utan å gjere suksess. Deretter kom den ut ein gong til, etter at Emily var død og søstera og Jane Eyre-forfattaren Charlotte hadde gått gjennom og «retta» teksten hennar. Denne bastard-romanen har vore lest og diskutert i over hundre år, og sjølv om eg ikkje er i stand til å peike på den store skilnaden, er det fint at det no er eit tekstgrunnlag «renset for Charlottes forbedringer» som har lege til grunn for omsetjinga.

Sist eg las Stormfulle høyder, meiner eg å hugse at utgåva var svært gammal; papiret var gult og brunprikkete. All den tid eg trudde dette var den einaste utgåva som fanst, meinte eg det kunne vere på høg tid med ei ny utgåve. Men då eg slo opp på Bergen offentlege bibliotek sine nettsider, såg eg ikkje berre at boka blei kategorisert under overskrifter som «verdenslitteratur», «levande klassiker» og «kjærlighet», eg såg også at boka har vore gitt ut på norsk i både 1982, 1992 og 1995. Det må vere litt av ein etterspurnad etter denne romanen.

stormfulle hogder nn cover norsk.jpgOmslag for ei oversatt utgåve av Stormfulle høyder

Gjer inntrykk

Stormfulle høyder har gjort inntrykk på mange. I etterordet til utgåva som blei gitt ut av Pax i 2014, skriv omsetjar Ragnfrid Stokke at romanen er «det mest analyserte verket i den engelske litteraturforskningen». Forskinga har til dømes dreidd seg om livet til søstrene Brontë, om i kor stor grad romanen er ein kritikk av samfunnets klassedeling og kvinneundertrykking og om den spanande forteljemåten og den snusfornuftige forteljaren.

Det er godt å vite at ein kan forlenge lesaropplevinga med å tre inn i ei slik rik verd av sekundærlitteratur. Det er også godt å vite at ein kan forlenge opplevinga med å tre inn i teatersalen og møte Heathcliff, Catherine, Hindley og Linton på scenen, i Riksteaterets nye oppsetting.

Men kva er det ved verket som gjer at det blir trekt fram og brukt igjen og igjen, både i nye omsetjingar og på teaterscena? Vel, lat meg fokusere på det faktum at Stormfulle høyder er ei bok å brøle av, slik Kate Bush gjorde i 1978, då ho ga ut plata The kick innside. I songen «Wuthering Heights» gir Bush ordet til spøkelset Catherine Linton d.e., som skrik til sin elska og elskande Heathcliff at ho skal kome inn gjennom vindauget på soverommet hans og ta sjela hans:
Heathcliff, it’s me – I’m Cathy
I’ve come home I’m now so cold!
AHHHHHHH YAAAAA YAAAA OHHHH YAAAA, pip Cathy med stemma til Kate Bush, og vi som høyrer songen, forstår at romanen Stormfulle høyder verkeleg har gjort inntrykk på songarinna. Bush er særleg oppteken av det aldri fullbyrda forholdet mellom Heathcliff og Cathy, som driv sistnemnde til å heimsøke førstnemnde etter sin død.

Intrigar

Det er vanskeleg å vise korleis ei bok er eigna til å få lesaren til å brøle. Det er vanskeleg å gje eit godt og freistande referat av akkurat passeleg mange av dei innfløkte intrigane og utspekulerte hendingane i romanen. Det er enklare å berre skrike og hyle litt sjølv, medan eg held på eit skilt det står «har lese WH» på, anten for å illustrere at eg har latt meg påverke av sinnelaga til dei lidenskapelege hovudpersonane, eller for å uttrykke fortviling over vondskapen til nokre av hovudpersonane og dei ugjenkallelige vala nokre av dei andre tar eller blir påtvungne, eller for å uttrykke lettelse over at kjærleiken trass alt er den største storleiken; både i Stormfulle høyder, og overalt, når det kjem til stykket! Alt dette tenkjer eg oppøst før eg ropar AHHHHHHH YAAAA YAAA OHHHHHHH YAAAA! Forstå kva det betyr!

Anne, Emily og Charlotte Brontë, malt av deira bror Branwell.

Den store begeistringa og innlevinga mi kjem først og fremst av at Stormfulle høyder har det språket som eg ikkje har, eller som ulike melodramatiske romanar og skodespel heller ikkje har hatt opp gjennom tidene. Melodramaet er til dømes karakterisert ved dei store gestane, dei mange tårene, dei mange tause og dei mange gale og dei mange hysteriske brølarane – dei som ikkje finn anna adekvat språk for kjenslene sine enn det dramatiske. I Stormfulle høyder derimot, kjenner karakterane og forteljaren seg sjølv, og når dei brøler og slår, veit dei kvifor dei gjer det. Dette kan til dømes kan bli illustrert med at Cathy d.e. planlegg å gjennomføre eit hysterisk utbrot, slik at dei andre kan synast synd på henne. Også forteljemåten viser openhjartigheit; det er ikkje rom for mykje «show, don't tell» når forteljarteknikken liknar på den vi finn i dei islandske sagaane, der ein utmalar høgdepunkta med alle detaljar, for så å fortelje hastig og nærmast stikkordsprega om kva som skjer i mellomtida.

Det viktigaste

Kjærleik er viktig, men mange av hovudpersonane synest at det viktigaste i livet er å få bestemme og å få eige. Dei veit også kor fortvilande det er å ikkje få det dei vil ha: «Og fikk han mistanke om at autoriteten hans var truet, gikk han nesten fra konseptene,» heiter det om gamle Mr. Earnshaw, som er den eldste av generasjonane vi høyrer om på Wuthering Heights. Han er far til Hindley og Catherine, og han er den som adopterer gateguten Heathcliff, til stor sjalusi for Hindley, og til stor kjærleik for Catherine. Når Earnshaw døyr, står kampen mellom dei to «brørne» – Kven har størst autoritet? Kven skal vere rettmessig herre over Wuthering Heights? Kven klarer å sjå mest ned på den andre? Kven klarer å drive den andre til verst galskap? Minst like viktig som det er å få det ein vil ha, er det å syte for at dei andre ikkje får det. Og det er ikkje nok å ha sytt for dette, ein må også passe på å nyte synet av det dei har mista, dei som tidlegare eigde og bestemte.

Olaug Nilssen. Foto: Samlaget

Den andre viktige kampen i romanens første del, er kampen mellom Heathcliff og Edgar Linton. Begge elskar Catherine, og Catherine elskar begge. Kven skal ho velje? Den fine og danna Linton frå det fine og danna godset Thrushcross Grange, eller den ville og sinte fosterbroren Heathcliff? Slik viser Catherine korleis ho tviler: «Jeg ville fornedre meg hvis jeg giftet meg med Heathcliff nå, så han skal aldri få vite hvor høyt jeg elsker ham; og ikke fordi han er kjekk, Nelly, men fordi han er mer meg selv enn jeg selv er. Hva våre sjeler enn er laget av, er hans og min den samme, og Lintons er like forskjellig fra våre som en månestråle og et lyn, eller som is og ild.» Likevel vel Catherine den snille og gode Linton, og det valet får grusomme konsekvensar, som vi skal få sjå, både i den dramatiske avslutninga av del ein, og i den minst like dramatiske del to, der tredje generasjon Linton og Earnshaw og Heathcliff skal kjempe mot det tilsynelatande definitive preget foreldra har sett på dei.

Og då er det sagt nok! Eg kan legge til at eg grein uhemma på sidene 308–313, men eg held fast ved at Wuthering Heights ikkje er noko melodrama.

Teksten stod første gang på trykk i Morgenbladet i 2004. Den er no lettare omskriven i høve Riksteatrets teaterframsyning.

 

Les mer om "Stormfulle høyder"