Haustens store satsing på Riksteatret blir «Jeanne d'Arc», historia om den unge jenta som våga å gå i døden for det ho trudde på. Elles skal Anne Krigsvoll og Josefine Frida på turné med «Ved målet» om ei mor og ei dotter som ikkje klarer å gje slepp på kvarandre, og Anders Baasmo toppar eit sterkt ensemble i «Peer Gynt». Og suksessane «Detektivbyrå nr. 2 – Operasjon teater» og «Mio, min Mio» drar ut til glede for endå fleire barn.
Haustens store satsing på Riksteatret blir «Jeanne d'Arc», historia om den unge jenta som våga å gå i døden for det ho trudde på. Elles skal Anne Krigsvoll og Josefine Frida på turné med «Ved målet» om ei mor og ei dotter som ikkje klarer å gje slepp på kvarandre, og Anders Baasmo toppar eit sterkt ensemble i «Peer Gynt». Og suksessane «Detektivbyrå nr. 2 – Operasjon teater» og «Mio, min Mio» drar ut til glede for endå fleire barn.
Haustens storsatsing på Riksteatret er historia om den unge jenta som gjekk i døden for ei sak ho trudde på. Historia om Jeanne d'Arc rører ved oss framleis, seks hundre år etter at ho blei brent på bålet, og gjort til helgen. Ikkje minst i dagens Europa opplever vi at mange er villige til å ofre livet for noko dei opplever som større enn dei sjølve. Monica Dybwad spelar tittelrolla, medan regi er ved Eline Arbo. - Jeanne d'Arc passa ikkje inn i samfunnet. Ho kjempa åleine og måtte gå i døden for si eiga overtyding, seier Arbo.
«Ved målet» av Thomas Bernhard er ei sterk historie om ei mor som lever saman med dottera si. Mora klarer ikkje gje slepp på dottera, og den vaksne jenta kjem seg ikkje vidare. Kvart år, på den same dagen, reiser dei til det gamle huset ved havet. Når ein ung forfattar kjem på besøk, slår mønsteret sprekkar. Velkjente Anne Krigsvoll spelar mora i stykket, og saman med Josefine Frida, som mange kjenner som Noora i Skam, og Karl-Vidar Lende frå Det Norske Teatret, set ho seg i Riksteatrets turnébuss med eit teaterstykke publikum frå fleire generasjonar kan kjenne seg igjen i.
«En sjeldent god Peer Gynt», «Grenser til det geniale», «Magisk bra» og «Glitrende» er berre nokre av dei svært gode omtalene meldarane gav Riksteatrets «Peer Gynt» med Anders Baasmo i tittelrolla. No ventar ny turné, så endå fleire kan få oppleve denne kritikarroste oppsetjinga. I tillegg til Anders Baasmo står Gisken Armand, Ola G. Furuseth, Jan Sælid og Thea Lambrechts Vaulen på scenen, medan regi er ved Ole Anders Tandberg.
Også dei yngste teatergjengarane landet rundt kan glede seg til hausten på Riksteatret. Publikumssuksessane «Detektivbyrå Nr 2 – Operasjon teater» og «Mio, min Mio» held fram turneane til dei delane av landet som ikkje har fått besøk før.
-Eit breidt og variert repertoar for et breidt og variert publikum, seier teatersjef Arne Nøst, og peikar på at Riksteatret er heile landets teater med publikum over heile vårt langstrakte land. Nøst framhevar også Riksteatrets gunstige billettprisar til unge vaksne. -Vår priskategori «Under 30» gjer at unge får ein billett til same pris som en kinobillett, avsluttar han.