Arne Nøst er sjef for Riksteatret. Han kom til Riksteatret frå stillinga som teatersjef for Rogaland Teater, der han leia teatret med kunstnarleg suksess og publikumsrekordar.
Arne Nøst er sjef for Riksteatret. Han kom til Riksteatret frå stillinga som teatersjef for Rogaland Teater, der han leia teatret med kunstnarleg suksess og publikumsrekordar.
- Riksteatret reiser rundt for å gjere ein skilnad i samfunnet. Som heile landet sitt teater vonar eg at vi kan by på teateropplevingar som tyder noko for alle, same kor i landet dei bur, seier han.
Nøst (født 1962) er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og Statens Kunstakademi i Oslo. Han har jobba som teiknar, skulptør, grafikar og musikar, og har hatt regi- og scenografiansvar for ei rekkje teaterframsyningar over heile landet. Mange vil og hugse han som illustratør for Dagbladet og Aftenposten.
- Riksteatret skal by på det beste og det mest relevante. Om vi først skal putte noko i ein turnébuss og skipe det ut til heile landet, må det vere bra, sa den nye teatersjefen i eit intervju med Kari Slaatsveen våren 2020. Du kan sjå heile intervjuet under.