Barn i Noreg elskar bøkene om Detektivbyrå nr. 2 av krimforfattar Jørn Lier Horst. No blir det teater for heile familien der Tiril, Oliver og hunden Åtto må løyse eit heilt nytt mysterium!
Operasjon Teater er eit nytt oppdrag for Detektivbyrå nr. 2. Eit mysterium som ein berre kan oppleve når Riksteatret kjem til kulturhuset ditt. For kva er det eigentleg som skjer når Riksteatret kjem til Elvestad for å spele framsyninga Hamlet?
Kvifor har det skjedd mystiske ulykker under heile turneen? Er teaterframsyninga forbanna eller er det nokon som saboterer? Bli med Tiril, Oliver og Åtto på eit spanande mysterium i teateret si magiske verd.
Vi gler oss til å sjå deg i teateret! Viss du vil, kan du kle deg ut i eit heilt eige teaterkostyme når du kjem til teateret.
Passar for barn fra 5 år.
Av Hilde Brinchmann og Jørn Lier Horst.
"Basert på bokserien Detektivbyrå nr. 2 – av forfatter Jørn Lier Horst og illustratør Hans Jørgen Sandnes".
Forestillingslengde: 2 timer (inkludert pause).
Urpremiere: Oslo / Nydalen 10. sep 2021
Turnépremiere: Larvik 15. sep 2021
Produsert av Riksteatret