Nokre gongar vert det skapt teater som er så banebrytande at det fortener eit langt liv. Tore Vagn Lids prisløna Tilstander av Unntak høyrer til blant desse, og med Riksteatret kan fleire ta del i denne scenekunstopplevinga i nærleiken av der dei bur.
Kva hugsar vi, og kva må vi aldri gløyme? Framsyninga inviterer ein ny generasjon inn i samtalen om timen som endra Noreg. Tilstander av Unntak er ei dagframsyning som primært vert tilbydd skuleklassar gjennom Riksteatrets billettfond – men eit avgrensa tal billettar til same framsyning vert tilbydd også som matiné for ope publikum.
Det trengs bare én teaterforestilling om 22. juli. Denne.
Tilstander av Unntak er ei totaloppleving av ei teaterframsyning, ein rekonstruksjon av timane som for alltid blir ein del av den felles historia vår. Vi følger alt som skjedde ettermiddagen 22. juli 2011, mellom 15:20 og 16:20, presentert i sanntid, gjennom autentiske radiosendingar og lydopptak frå denne dagen. På scenen jobbar teiknarar, filmskaparar og musikarar med sine fortolkningar mot dei historiske lydkulissane.
Vinnar av Beste audiovisuelle design – Heddaprisen
Vinnar av Særleg kunstnarisk innsats – Heddaprisen
Nominert til Årets framsyning – Heddaprisen
Som undervisar får du tilsendt undervisningsmateriell i forkant. Det er utvikla for elevar som ikkje sjølv har minner frå 22. juli, og gir eit utgangspunkt for ein trygg og viktig samtale i etterkant av teaterbesøket.
Slik søker du om gratisbillettar for skuleklassar
Før du sender inn ein søknad – sjekk desse punkta!
- Framsyninga er tilpassa elevar på 10. trinn, videregåande opplæring og folkehøgskular.
- Varigheit: 60 minutt – vert spelt på dagtid i skuletida
- Transportkostnader til/frå spelestad må bli dekka av skulen
- Søknadsfrist: 1. desember 2025
- Send inn søknad
Vi tilbyr et avgrensa tal plassar.
Les meir om Riksteatrets arbeid retta mot skular
av Tore Vagn Lid
Forestillingslengde: 1 time (ingen pause).
Turnépremiere: Steinkjer 6. jan 2026
Produsert av Transiteatret-Bergen
Støttet av Norsk kulturråd og Bergen kommune