«Det trengs bare én teaterforestilling om 22. juli. Denne». NRK
«Tilstander av Unntak» er ei totaloppleving av en teaterframsyning, ein rekonstruksjon av timane som blei ein del av vår felles historie. Vi følger alt som skjedde ettermiddagen 22. juli 2011 -presentert i sanntid, sentrert rundt ein komposisjon av autentiske radiosendingar og lydopptak frå denne dagen. Mot lydkulissane arbeider et lag med teiknarar, filmskaparar og musikarar med sine fortolkingar.
Riksteatrets billettfond: gratis teater for elevar i videregåande
Gjennom billettfondet gir Riksteatret elevar i vidaregåande skule moglegheita til å oppleve framsyninga — heilt gratis. Framsyninga vert spelt på dagtid på kulturhuset, og gir elevane høve til å møte historia i eit felles rom, saman med andre.
Som undervisar får du tilsendt eit undervisningsmateriell i forkant. Det er laga for elevar som ikkje sjølv har minner frå 22. juli, og gir eit utgangspunkt for å opne samtalen — og reflektere saman — før eller etter teaterbesøket.
Forestillingslengde: 1 time (ingen pause).
Turnépremiere: Steinkjer 6. jan 2026
Produsert av Transiteatret-Bergen
Støttet av Norsk kulturråd og Bergen kommune