Mektig (...) Sundfør uten Sundfør verdt en forestilling i seg selv
En spennende, kraftfull, samstemt og vakker forestilling
Susanne Sundførs låter er perfekt for teaterscenen
En estetisk nytelse
Opplev Susanne Sundførs musikalske univers på teaterscenen!
Nokre gongar veks det fram artistar som lagar så vakker musikk at han vert opplevd som intenst truverdig for menneske over heile verda. Susanne Sundfør er ein av desse artistane.
Med spektakulære konsertar og musikk som fangar heile opplevinga av å vere menneske, har Susanne Sundfør vakse seg inn i den internasjonale stjernehimmelen og blitt ein av dei viktigaste artistane vi har. No vert songane hennar teaterkonsert med nokre av landets mest musikalske skodespelarar på scenen.
Mimmi Tamba, Lars Henrik Aarnes, Ingrid Jørgensen Dragland, Fridtjof Stensæth Josefsen, Ida Göransson, Trond Peter Stamsø Munch og Elisabeth Mørland Nesset vil framføre nokre av dei beste songane fra album som Music for People in Trouble, Ten Love Songs og The Brothel i ei scenisk teaterforteljing tettpakka med musikk og magi, der vi tar i bruk alle verkemidla teatret har.
Vi tror det kan bli eit av høgdepunkta for alle som har lyst til å møtast for ei stor kulturoppleving til hausten. Velkomen i teateret!
Av Njål Helge Mjøs.
Basert på sangtekster av Susanne Sundfør
Sangtekstene er lisensiert av Sony/ATV Music Publishing Scandinavia
Forestillingslengde: 1 time 15 minutter (ingen pause).
Urpremiere: Haugesund 9. okt 2021
Spilles på Festiviteten i Haugesund i perioden 9.10.2021 - 17.10.2021 før turné med Riksteatret.Produsert av Riksteatret i samarbeid med Haugesund Teater.