Gøy med gaming på teater
Underholdende og smart (..) her får barn og foreldre garantert mye å snakke om.
Bli med på ei actionfylt familieframsyning der barna lærer om livet og dei vaksne lærer om barna.
Riksteatrets kritikarroste framsyning «Skorpionens spill – i skyggen av Roblox» passar for deg som likar å game og alle som ønsker seg ein kveld der vaksne og barn kan gjere noko gøy saman!
Yee-haa! (…) ein visuell cowboy-fest
Gaia er skulens beste på å lage spel i Roblox. Sjølvsikre og overbevisande Axel inviterer henne med i eit Roblox-prosjekt som skal gjere dei rike. Etter press frå bestevennen tar ho sjansen. Men det som startar som ein kreativ draum, utviklar seg raskt til eit giftig samarbeid der ho mistar både kontroll og sjølvtillit. Korleis kan ho ta tilbake kontrollen før det er for seint?
Etter suksessen med «Det mørke fortet – et Minecraft-eventyr», lagar Riksteatret ei heilt ny framsyning der handlinga foregår i Roblox. På kvar av dei 50 stadane som får besøk, medverkar seks lokale barn og ungdom som såkalla skodegamerar, der dei spelar Roblox live på scenen.
Framsyninga er laga for litt større barn. Passar ikkje for barn under 6 år.
Forestillingslengde: 2 timer (inkludert pause).
Urpremiere: Oslo / Nydalen 19. feb 2026
Turnépremiere: Skien 25. feb 2026
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Teater Ibsen
Denne teaterforestillingen er en uavhengig produksjon og er verken godkjent, sponset eller tilknyttet Roblox Corporation. "Roblox" er et registrert varemerke tilhørende Roblox Corporation, og all omtale av dette merket skjer kun i dramaturgisk, kritisk eller analytisk hensikt.
Forestillingens innhold reflekterer manusforfatterens egne meninger og undersøkelser og er ikke uttrykk for synspunktene til Roblox Corporation eller noen av deres tilknyttede selskaper. Alle referanser til Roblox eller relaterte produkter gjøres innenfor rammen av legitim ytringsfrihet og rettferdig bruk ("fair use").