Med fargerike karakterer og et lekent uttrykk er det mye å se på
Latteren fra salens små publikummere runger gjennom salen
Bli med Oslo-filharmonien og Riksteatret på ei eventyrleg musikkreise for heile familien!
«Musikkfabrikken» er ein fin introduksjon til teater og klassisk musikk, som går rett heim hos dei minste. Vi leikar med musikalske skattar og byr på gøyale overraskingar for auge og øyre. Levande musikk møter fargesprakande animasjonar, eit rampete villsvin og ei jente som drøymer om å bli sjefdirigent for eit heilt orkester.
I tillegg til klassiske perler og nyskriven musikk, er «Musikkfabrikken» spekka med referansar frå TV, film og dataspel som barna kjenner. Saman med skaparane av Elias-filmane, Animando, og det New York-baserte teaterkompaniet Wakka Wakka lagar vi eit magisk musikalsk univers.
Framsyninga varer 45 minutt og passar for barn frå 3 år.
Manus og konsept av Wakka Wakka ved Gwendolyn Warnock og Kirjan Waage. Etter et originalkonsept av Sigurd Slåttebrekk.
Animasjon ved Animando. Tilrettelagt av Expanse.
Basert på "Musikkfabrikken" av Oslo-filharmonien og Animando, som hadde urpremiere 27. oktober 2017.
Produksjon og turné av "Klara, villsvinet og den lille musikkfabrikken" er støttet av Sparebankstiftelsen DNB
Forestillingslengde: 50 minutter (ingen pause).
Nypremiere: Oslo / Nydalen 25. okt 2023
Turnépremiere: Harstad 1. nov 2023
Produsert av Riksteatret og Oslo-filharmonien i samarbeid med Wakka Wakka og Animando