Årets barneforestilling 2019
Årets teateropplevelse!
En fantastisk opplevelse
Teater som trøst
Har alt hva et eventyr trenger
Magiske, mytiske Mio
Gode barneforestillinger har ingen øvre aldersgrense.
Astrid Lindgrens eventyrlege klassikar
Mio, min Mio er historia om den foreldrelause guten som blir prins Mio. Ei storslått og vakker forteljing om sakn og einsemd, vennskap og ondskap og det sterke bandet mellom barn og foreldre.
Bo Vilhelm Olson bur hos fosterforeldre som meiner det var ei ulukke å få han i hus. Ein dag han sit åleine på ein benk skjer det noko merkeleg. Han blir ført til i Landet i det Fjerne. Der ventar faren hans, Kongen, som har lengta etter han siden han blei fødd.
Denne vakre framsyninga i Hilde Brinchmanns regi blei kåra til "Årets beste barneforestilling", Heddaprisen 2019. Med Riksteatret får barn og vaksne over heile landet oppleve teatereventyret der dei sjølv bur.
Aldersgrense: 6 år. Avgrensa tal plassar, så ver tidlig ute med å sikre deg billett.
Av Astrid Lindgren. I Hilde Brinchmanns dramatisering
Teaterforlag: Nordiska A.p.S - København
Forestillingslengde: 1 time 10 minutter (ingen pause).
Nypremiere: Oslo / Nydalen 3. mar 2022
Turnépremiere: Tynset 9. mar 2022
Produsert av Teatret Vårt i samarbeid med Nordland Teater. Produsert for turné av Riksteatret.