Eventyrlige Liv
Livslyst (..) En stor kunstner ser tilbake
Et helt usedvanlig "LIV"
En utmerket historieforteller
Et herlig møte (…) mye latter og glede
Historiefortelling av høy rang. (..) Det å se Ullmann snakke, gestikulere og spille ut minnene sine er en fryd for øyet.
Eit møte med Liv Ullmann på kulturhus over heile landet. Om livet, karrieren og alt som enno er ugjort.
Liv Ullmann er ei av våre aller største stjerner, og med «Liv» skal Riksteatret og Nationaltheatret sørge for at publikum over heile landet får møte landets store film- og teaterkunstnar der dei sjølve bur, på ein turné som vert avslutta til våren i Liv sin heimby, på Trøndelag Teater.
Framsyninga har form av ei openhjartig samtale med Riksteatersjef Tom Remlov.
-Å reise rundt i Noreg og møte publikum på heimebane har eg ønska å gjere igjen heilt sidan eg spelte i «Et dukkehjem» med Riksteatret. Denne gongen møter eg publikum som meg sjølv. Som Liv - og saman med Tom, som eg har hatt gleda av å samarbeide med ved fleire høve gjennom åra. Vi er to menneske som begge er like nysgjerrige på livet, og som er drivne av det same ønsket om å bruke de moglegheitene vi har fått, til beste for fleire enn oss sjølve, seier Liv Ullmann (80).
- Det blir ei samtale der vi skal stille oss spørsmål vi kanskje ikkje har fått før, og overraske både oss sjølve og kvarandre. Og publikum, som kanskje også har spørsmål dei ønsker å stille, og som dei i så fall kan sende inn til Tom Remlov på førehand.
Sjå innslag med Liv Ullmann på NRK Dagsrevyen onsdag 3. april...
I «Liv» møter du både den unge skodespelarinna, Hollywood-stjerna og den modne regissøren og menneskerettsaktivisten. Det gjennomløpande temaet vil vere Ullmanns ønske om samspel med menneska ho treff, og det ansvaret som eit stort talent medfører, enten det er for kollegaer, for samfunnet – eller for publikum.
Forestillingslengde: 3 timer (inkludert pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 28. sep 2019
Turnépremiere: Nøtterøy 1. okt 2019
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nationaltheatret