Hold kjeft, det er Ibsen!

Av og med Liv Gulbrandsen

Vi ler høyt, for det er ikke bare morsomt, men også skarpt kritisk og litt rørende.

Vedunderleg om Ibsen og mormor (..) stor kunst, ikkje noko mindre

Liv Gulbrandsen byr på ei halsbrekkande morosam, nær og inderleg forteljing om Henrik Ibsen og si eiga bestemor. Så langt har 20 000 sikra seg billett på Nationaltheatret. Gå ikkje glipp av den kritikarroste framsyninga når Riksteatret kjem til kulturhuset ditt!

Liv Gulbrandsens bestemor elska Ibsen. Og ho trakk med seg barnebarnet i teateret for at Liv, i altfor ung alder, skulle få sjå Hedda skyte seg. Bestemor hadde ei historie ho ikkje kunne fortelje, og nokre livsviktige råd. Men kva historie var dette?

Nokre gonger må vi bruke andre sine ord der vi manglar våre eigne.

Mange kjenner forfattar, programleiar og kulturpersonlegheit Liv Gulbrandsen frå feministiske, litterære harselasar på scenen. Fifty Shades of Grey-trilogien, Karl Ove Knausgårds seksbindsverk Min Kamp og Jo Nesbøs krimbøker om Harry Hole har alle vore utsett for Gulbrandsens godlynte vreide. Når ho tar utgangspunkt i verka til den største dramatikaren vår, byr ho på ei personleg historie. Liv fortel om kloke og merkelege opplevingar av Ibsens skodespel saman med bestemor, i ei halsbrekkande framsyning der du kan gråte og le, eventuelt le til du græt.

Framsyninga Hold kjeft, det er Ibsen! er ei komisk, nær og inderleg kjærleikserklæring til mødrer og bestemødrer, om strev i fleire generasjonar, om kunsten, teateret – og ikkje minst om Henrik Ibsen.

Av og med Liv Gulbrandsen

Produsent ShowPeople Bastian Stabell

Forestillingslengde: 1 time 50 minutter (inkludert pause).

Turnépremiere: Lillehammer 29. feb 2024

Produsert av ShowPeople og Nationaltheatret. På turné med Riksteatret