En Hedda til å forstå
Frisk og til ettertanke
Kva er det i Hedda Gabler, som blir farleg for henne sjølv og alle ho omgir seg med?
Hedda og Jørgen Tesman har nettopp flytta inn i sin nye heim etter eit halvt års bryllaupsreise. Jørgen tykkjer endelig han har lukkast i livet – villa i byens beste strøk, lysande karriereutsikter - og den legendariske generaldottera Hedda Gabler som livspartnar. Kven veit, kanskje kjem det også barn snart?
Rødglødende og gåtefull (…) lykkes godt i forsøket på å gi "Hedda Gabler" fornyet relevans og intensitet.
Livet ser også ut til å ha ordna seg for Hedda. Ho har omsider valt same livsveg som dei fleste andre, og gratulasjonane strøymer på frå nær og fjern. Men innvendig veks ein stadig større avgrunn mellom kjenslene og tankane som omgjevnadene forventar av henne - og det ho eigentleg tenker og føler.
Hedda Gabler er ein av Henrik Ibsens mest samansette karakterar. Om det eksistensielle dramaet skreiv han sjølv at "Hos Hedda ligger dyb poesi på bunden. Men omgivelserne skræmmer hende. Tænk, at gøre sig latterlig." Hedda Gabler er blitt tolka og forsøkt forstått over heile verden.
Når regissør Fredrik Longva set opp klassikaren for Riksteatret, vil han finne ut av kven Hedda er: "Kva får eit menneske til å gjere dei tinga Hedda gjer? Kva får oss menneske til å vere destruktive - overfor oss sjølv og dei rundt oss? Det er jo spørsmål som vi eigentleg burde stille mykje meir enn det vi gjer. Der opplever eg at teatret har ein unik posisjon i samfunnet. Fordi vi kan stille essensielle spørsmål utan nødvendigvis å ha svara."
Av Henrik Ibsen
Forestillingslengde: 1 time 40 minutter (ingen pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 5. feb 2022
Turnépremiere: Tromsø 11. feb 2022
Produsert av Riksteatret