Høstens morsomste medisin
Sprell som gjør vel
En slem bestemor får medisin som fortjent i Riksteatrets lettfattelige og lekne fortelling om luringen Georg
En veldig god forestilling
Ungane klukkler omkring meg (…) dei vaksne ler (…) kan treffe tre generasjonar
En fest for barna
Forestillingen byr på noen øyeblikk jeg faktisk vil gå så langt som til å kalle magiske.
Passeleg rampete teater for heile familien. Også for bestemødrer, viss dei torer!
Georg si bestemor er ikkje som andre søte og snille bestemødrer. Ho er nifs og syt og klagar og knurrar og bråkar og blandar seg opp i alt mogleg. Georg vil gi henne ein lærepenge. Så når ho skal få medisinen sin, lagar han ein boblande, frådande, magisk medisin, som garantert vil sende henne gjennom taket …
Roald Dahl er ein forfattar i særklasse og har skapt ei verd av uuttømmeleg fantasi. Han var alltid på barnas side, og let aldri ein sjanse gå frå seg til å sparke dei som sparkast bør, dei maktsjuke, arrogante, autoritære og dømmande. Vaksne, sjølvsagt. Men først og fremst får han oss til å le. Og grøsse. Og bli litt skremt (i alle fall ei lita stund inntil alt blir bra igjen). Og så le endå mer. Dei utrulege historiene hans har gitt stoff til internasjonale storfilmar så vel som fargerike musikalar og fengande barneframsyningar.
Når Riksteatret tar Georgs magiske medisin til scenen, engasjerer vi regissør og dramatikar Morten Joachim, som også sette opp Doktor Proktors prompepulver. Han lovar ei framsyning med mykje musikk og magi, som involverer barna og tar fantasien deira på alvor. Med Georgs magiske medisin skal han sette alt på hovudet og slå seg laus på vegne av barna – heilt og fullt i Roald Dahl si ånd.
--
Passer for barn frå 5 år.
Premiere: Oslo / Nydalen 4. oktober 2018
Turnépremiere: Sandnessjøen 10. oktober 2018
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Haugesund Teater.
Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (inkludert pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 4. oktober 2018
Turnépremiere: Sandnessjøen 10. oktober 2018
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Sogn og Fjordane Teater og Haugesund Teater