«Frida» er ei hylling til Frida Kahlos fargerike liv, ei familieframsyning slik du sjeldan opplever teater.
Bli med på ein times reise du aldri vil gløyme! Som publikum blir du utstyrt med hovudtelefonar, og gjennom dei tar stemma til Frida deg med til heimen i hjartet av Mexico. Du skal ikkje berre sitte stille, men saman med Frida får du vere med å teikne, trene, danse og lage til fest med familien hennar. Og kanskje får du høyre hemmelegheiter – dei må du ikkje fortelje til nokon!
Framsyninga er elska av både barn og vaksne, og er blitt nominert til to Hedda-prisar, for beste barneframsyning og beste regi. Katrine Strøm og KATMA står bak. I mange år har dei skapt banebrytande teater for barn og unge ved å invitere publikum inn i magiske rom for utforsking, undring og innleving. Vi gler oss til å invitere deg inn i Frida si verd!
«Frida» er ei hylling til mot, forskjelligheit og fantasi som ein reiskap for å overvinne motgang.
Øvrig kunsterisk team: Koreograf: Mathilde Caeyers, plakatuttrykk: Kine Yvonne Kjær, kreativ produsent: Mette Spjelkavik Enoksen, tekstdramaturg: Lina Killingdalen, dramaturgikonsulent: Mari Andreassen.
Stemmer: Hanna Mathiesen Haga – stemmen til Frida, Asta Strøm – stemmen til lille Frida, Kristine Henriksen – stemmen til moren, Egill Heiðar Anton Pálsson – stemmen til faren, Kristian Fr. Figenschow – stemmen til Gullmannen, Jonas Delerud – stemmen til Alejandro, Julie Alapnes – stemme sang, Barnestemmer - Dagny Strøm, Alexander Kalinichenko, Sigrun Strøm, Pangea McNair, Lilli Killie Gamslett, Eva Gamst Nergård, Tage Wang Hovden.
Forestillingslengde: 50 minutter (ingen pause).
Produsert av Katma i samarbeid med Hålogaland Teater og Figurteatret i Nordland, på turné med Riksteatret