Fantorangen på teater

Plakatfoto

Endeleg kan barna møte Fantorangen, Pivi, Fantus og Maurora på teaterscenen!

Fantorangen og Pivi må plutseleg lage ei teaterframsyning – men korleis gjer ein dét, eigentleg? Fantus vil også vere med, men Pivi seier at Fantus er altfor liten. Pivi og Fantorangen vil heller ha med Maurora, som bur i maurtua og kan dei mest utrulege ting. I Fantorangen, Pivi og Mauroras teaterframsyning kan alt skje – men er det kanskje Fantus som fiksar det meste likevel ...? 

Fantorangen har gleda barn gjennom NRK Super i 17 år. Fantorangen er ein evig 3-åring, ein notorisk optimist med stor tru på seg sjølv og på at det meste går bra. I «Fantorangen på teater» får barna møte Fantorangen og vennane på ordentleg, dei må løyse mysterium saman, og synge kjente og nye songar.

«Fantorangen på teater» er eit samarbeid mellom Oslo Nye Teater, Riksteatret og NRK. Framsyninga skal på turné med Riksteatret for å glede barn over heile landet. 

Anbefalt for barn frå 3 år.

Av Marianne Sævig. Basert på NRKs TV-serie «Fantorangens verden».

Sanger:
«Sjøbanan»- tekst: NRK/ musikk: John Vinge. «Vi roper det vi ser» - Tekst: Sondre Lerche/Musikk: Sondre Lerche, Alexander von Mehren, Chris Holm, David Heilman, «Mauroras Maurtue» - tekst: Marianne Sævig/Musikk: Simon Revholt, «Eg flyg» - tekst og musikk: Inger Gundersen, «Kroppen» - tekst: NRK/Marianne Sævig/Musikk: John Vinge, «Snibel Snabel» - tekst: NRK/Musikk: John Vinge, «Er det morgen nå?» - tekst og musikk: Sondre Lerche

• Manuskonsulent NRK: Ingrid Hafstad • Nynorsk-konsulent: Tora Systad Tyssen 

Forestillingslengde: 45 minutter (ingen pause).

Urpremiere: Oslo / oslo nye teater 21. feb 2024

Turnépremiere: Fredrikstad 14. mar 2024

Fantorangen på teater er et samarbeid mellom Oslo Nye Teater, Riksteatret og NRK.

KJØP BILLETT TIL: Fantorangen på teater

På scenen

  • Marte Stolp

    Marte Stolp

    Dukkespiller

  • Jonas Andersen Sandvik

    Jonas Andersen Sandvik

    Dukkespiller

  • Irene Nessa Bjørnevik

    Irene Nessa Bjørnevik

    Dukkespiller

  • Maia Lohre Køhn

    Maia Lohre Køhn

    Dukkespiller

Kunstnerisk team

  • Bård Bjørknes

    Bård Bjørknes

    Regissør

  • Marianne Sævig

    Marianne Sævig

    Dramatiker, Sangtekster

  • Christina Lovery

    Christina Lovery

    Scenograf, Dukkedesigner, Kostymedesigner

  • Rolf Christian Egseth

    Rolf Christian Egseth

    Lysdesigner

  • Tore Gustavsen

    Tore Gustavsen

    Lyddesigner

  • Ingunn Thon

    Ingunn Thon

    Dramaturg

  • Simon Revholt

    Simon Revholt

    Musikk

  • Ella Honeyman-Novotny

    Ella Honeyman-Novotny

    Dukkemaker

  • Anna Katarina Granberg

    Anna Katarina Granberg

    Dukkemaker

  • Anita Basmo Bjørnstad

    Anita Basmo Bjørnstad

    Produsent