Helt unik teatermagi
Folkelig feelgood
Publikumssuksessen frå Christiania Teater med Sven Nordin, Ingar Helge Gimle, Christian Skolmen og Nader Khademi skal på turné med Riksteatret!
Lærarane Martin, Tommy, Nikolai og Peter slit med både motivasjonen, sjølvtilliten og kontakten med elevane sine. Dei bestemmer seg for å teste teorien om at mennesket er født med ein halv promille for lite i blodet.
Teorien går ut på at alkohol opnar sinnet for omverda og får kreativiteten til å blomstre. Resultatet er oppsiktsvekkande. Både undervisinga og sjølvtilliten forbetrar seg, og vennane begynner for alvor å kjenne seg levande igjen. I takt med at glasa vert fyllt opplever nokre framgang, medan andre sporar av. Det blir tydeleg at alkohol har sine positive sider, men også at den slags dristige forsøk kan ha alvorlege konsekvensar for både jobben og privatlivet.
Stykket er basert på den danske filmen “Druk” som har gjort stor internasjonal suksess, hausta strålande kritikkar og ikke minst vunne Oscar-prisen for beste internasjonale film.
“Et glass til” er ei morosam, rørande, og tankevekkande historie om vennskap, fridom, kjærleik - og alkohol.
Av Thomas Vinterberg og Tobias Lindholm.
Scenisk bearbeidelse av Thomas Vinterberg og Claus Flygare.
Manus av Thomas Vinterberg og Thobias Lindholm.
Norsk oversettelse av Lars Berge.
Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).
Turnépremiere: Steinkjer 14. feb 2024
Produsert av StarWorks og Over Norge. På turné med Riksteatret.