De har også fått oss til å kose oss gjennom to timer
Morderisk moro (..) en helaften med tilnærmet smilegaranti
En hyllest med flere tiår med fredagsunderholdning
Kriminelt folkelig (…) en krimelskers våte drøm
Skyhøy underholdningsfaktor (…) og en påminnelse om verdien i å samles om noe
Vil glede mange
Noko du absolutt bør få med deg
Ta ein pause fra kvardagen og bli med på ein musikalsk komedie med mord og mysterier. Følger du nøye med og gjettar riktig, er det kanskje du som avslører mordaren!
Fritt inspirert av Derrick, Columbo, Poirot og alle dei andre fabelaktige detektimane vi samla oss for å sjå på TV på fredagar, inviterer Riksteatret til ein kveld fylt med mordarisk moro. Handlinga utspelar seg i internasjonalt farvatn på M/S Kronprins Harald, eller Kielferga som den blei kalla. Den pensjonerte, tyske etterforskaren Stephan Reckyll (Øystein Røger) har funne seg til rette ved ein einarma banditt i skipets kasino når kapteinen (Marit Adeleide Andreassen) ber han hjelpe til i oppklaringa av ei temmeleg delikat sak: giftdrap. Det store spørsmålet blir då – kven har gjort det?
Offeret er ingen ringare enn Nora der Liebe, det store trekkplasteret i den sagnomsuste nattklubben Unter den Wellen. Under førebuingane til kveldens nye, spektakulære sangnummer segna ho om og døydde. Forgifta. Stephan Reckyll, som hadde lova seg sjølv å legge pistolen på hylla for godt, klarer ikkje styre snushanen i seg. Atter ein gong står han foran ei tilsynelatande uløyseleg gåte, og atter ein gong må han lære seg å sjå alle andre vegar enn der kompassnåla peikar.
av Mads Bones, Kyrre Havdal og Olve Løseth
Etter en idé av Øystein Røger
Forestillingslengde: 2 timer 10 minutter (inkludert pause).
Urpremiere: Oslo / Nydalen 24. aug 2023
Turnépremiere: Namsos 30. aug 2023
Produsert av Riksteatret i samarbeid med Nye Hjorten Teater og Nationaltheatret