Bukkene Bruse vender tilbake og set fyr på rumpa til trollet!
Bukkene Bruse lurer på kva dei skal gjere i ferien. Dei to minste vil helst til utlandet, men den største tykkjer det blir altfor dyrt. Han vil heller på setra som dei brukte å gjere før. "Æsj," seier dei to minste. "Det treige fjellet." Den største bukken lokkar med trollet og vaflar på setra, og til slutt dreg dei av garde. Men kor er det blitt av trollet?
Ein av Riksteatrets største suksessar dei seinaste åra er Bukkene Bruse på Badeland – basert på Bjørn F. Rørvik og Gro Moursunds enormt populære barnebok. No kjem oppfølgaren, basert på andre bok i serien, Bukkene Bruse vender tilbake.
Tripp, trapp! Tripp, trapp! Dette blir ei framsyning som alle kan sjå. Og alle – kanskje bortsett frå trollet – har god grunn til å glede seg!
Forestillingslengde: 45 minutter (ingen pause).
Premiere: Oslo / Nydalen 28. februar 2019
Turnépremiere: Røros 6. mars 2019
Produsert av Riksteatret