Dei levde saman, rana saman, drepte saman og døydde saman. Bonnie og Clyde var uskiljande. Hadde dei nokonsinne moglegheit til å velge eit anna liv?
Det unge kjærastparet frå slummen i sørstatane herja under depresjonen på 1930-talet. Livet deira fekk kultstatus og har inspirert eit utal artistar, filmar og bøker. Her får du sjansen til å oppleve historia i ein gripande og spektakulær teaterproduksjon.
Framsyninga tar deg med på ei reise gjennom Bonnie og Clydes dramatiske liv. Vi møter menneska bak den hardkokte fasaden. Var dei berre samfunnsfiendar, eller på sin måte også folkeheltar? Kan vi sjå på brotsverka deira som eit opprør mot makthavarane, eller eit forsøk på å skape sin eigen veg i ei urettferdig verd?
Riksteatrets Bonnie & Clyde er ei forteljing om gnistrande kjærleik, dragninga mot det ulovlege, klassekamp og håpet om eit betre liv. Og om ein familie som aldri snudde dei ryggen.
Regissør og koreograf Belinda Braza skapar spektakulære framsyningar der ho kombinerer lys, lyd, popmusikk og dans på ein unik måte. Saman med scenograf Clement Irbil, kostymedesignar Ingrid Nylander, musikalsk ansvarleg Peter Baden og dramaturg Cici Henriksen, inviterer ho publikum med på ei actionfylt og musikalsk reise – bak mytene om det legendariske kjærastparet.
Av Belinda Braza, Clement Irbil og Cici Henriksen
Etter en idé av Belinda Braza
Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).
Urpremiere: Oslo / nydalen 26. jan 2024
Turnépremiere: Moss 30. jan 2024
Produsert av Riksteatret