Ta med barna på et teatereventyr ute i naturen, og bli med på jakta etter havets hemmelegheiter!
Bølgebrus er ein genistrek av ei framsyning for dei minste. Ei interaktiv teateroppleving der barna får undre seg over havets mysterier på reise gjennom den magiske havparken.
På vegen møter du ein symjande sildestim før du blir virvla vidare gjennom dansande sjøgras. Ein svolten hai dukkar opp. Pass deg! Ei ny bølgje skyller deg heldigvis vidare. Men vent litt. Kva er det glitrande som stikk opp frå sanden?
Bølgebrus blei første gong produsert av Hålogaland Teater og Katma til Festspillene i Nord-Norge i 2021. Med Riksteatret får barn i heile landet moglegheit til å oppleve denne perla av ei framsyning i sitt eige nærmiljø.
Passar for barn fra 3 år.
Av Katrine Strøm.
Forestillingslengde: 45 minutter (ingen pause).
Turnépremiere: Fredrikstad 21. mar 2023
Produsert av Katma og Hålogaland Teater. På turne med Riksteatret