03:08:38 – Tilstander av Unntak

Av Tore Vagn Lid

Vinner av «Særlig kunstnerisk innsats»

Vinner av «Beste audiovisuell design»

Nominert til «Årets forestilling»

Det trengs bare én teaterforestilling om 22. juli. Denne.

Klangen av unntakstilstand. «03:08:38 - Tilstander av unntak» tilbake til Oslo!

Mykje er sagt og skrive om Tore Vagn Lid og Transiteatret-Bergen si segnomsuste «03.08.38 – Tilstander av unntak», ein monumental komposisjon for teater. Norsk Shakespearetidsskrift kåra nyleg stykket til ei av dei viktigaste framsyningane i landet dei siste 25 åra.

I eit forsøk på verkeleg å forstå unntakstilstand som politisk fenomen gjennom terroraksjonen i Oslo og på Utøya 22. juli 2011, grip Vagn Lid til eit utvida musikkteater, der tradisjonelle grenser mellom «vitskap» og «kunst», mellom «teater» og «musikk», mellom «klassisk» og «jazz» og mellom «scene» og «sal» blir overskridne i ein type musikkdramaturgisk «Gesamtkunstwerk» med tida sjølv i sentrum.

Når denne sceniske komposisjonen no blir henta tilbake til Oslo, skjer det med eit særleg blikk og øyre for det musikalske.

Blir presentert av Transiteatret i samarbeid med Riksteatret, Ultima og Vega Scene.

  

KJØP BILLETT TIL: 03:08:38 – Tilstander av Unntak

Header