Timane som forandra Norge.
Nokre gonger vert det laga framsyningar som er så grensesprengande gode, at dei fortener eit langt liv. Tore Vang Lids prisløna framsyning «03:08:38 – Tilstander av Unntak» høyrer til blant desse, og med Riksteatret kan fleire ta del i denne scenekunstopplevinga i nærleiken av der dei bur.
Framsyninga handlar om alt som skjedde 22. juli 2011. Vi blir invitert inn i en totaloppleving av ei teaterframsyning, ein rekonstruksjon av timane som blei ein del av vår felles historie.
Heddaprisvinnar
«03:08:38 – Tilstander av Unntak» blei nominert til Heddaprisen 2020 i klassen for årets framsyning. Laget bak fekk prisen i klassen for beste audiovisuelle design, og Tore Vagn Lid fekk sjølv prisen for særleg kunstnerisk innsats for prosjektet.
Tre timar, åtte minutt og trettiåtte sekund var tida det tok ein ung mann å sprenge eit norsk regjeringsbygg og avrette sosialdemokratiske ungdomspolitikarar på sommarleir. Korleis reagerte verda? Kva blei sagt utanfor Noreg? Kva skjedde i ulike samfunn, ulike menneske – ikkje etterpå – men midt i ein tilstand av unntak der ingen enno visste noko sikkert om omfang, årsak og motivasjon, der spekulasjonar gjekk i alle retningar, der Facebook-bilete blei bytta ut med nasjonale symbol, og der fortrengte politiske fordommar fekk spele seg ut på gateplan?
Teater, film og musikk
Framsyninga er ein rekonstruksjon av ettermiddagen 22. juli 2011 presentert i sanntid, sentrert rundt ein komposisjon av autentiske radiosendingar og lydopptak frå denne dagen. Mot lydkulissane arbeider eit lag med teiknarar, filmskaparar og musikarar med sine tolkingar av tida og hendingsforløpet. Her finn vi markante kunstnarar som perkusjonist Terje Isungset, biletkunstnar Arvid Pettersen og teiknar Fredrik Rysjedal. Eit kor er sett saman for anledninga. Som publikum følgjer du hendingsforløpet og du blir invitert til å bli ein del av rekonstruksjonen.
Forestillingslengde: 3 timer (ingen pause).
Produsert av Transiteatret-Bergen i samarbeid med: Wrap Arts Centre, Dramatikkens hus, Festspillene i Nord-Norge, Institutt for medievitenskap W. Goethe Universität (Frankfurt a.M.), Det Vestnorske Teateret og Vega Scene. På turné med Riksteatret.
Støttet av Norsk kulturråd, Fond for lyd og bilde, PAHN og Bergen kommune.