Ord for blod

Basert på ei sann historie frå søstera til Sveriges farlegaste gjengleiar | Av Faysa Idle. Dramatisert av Seluah Alsaati.

Så tett på «svenske tilstander» kommer du sjelden (…) En sterk fortelling om desperasjon og lojalitet (…) man går ikke uberørt hjem

når ut på tvers av kultur, klasse og geografisk tilhørighet

Overlevelsen finner sted i medmenneskeligheten som ungdomsforestillingen «Ord for blod» viser på forbilledlig vis

Viss det ikkje er trygt heime eller der ute, kor går ein då? - Eg håpar alle vaksne vil ta med seg ungdommane sine på «Ord for blod». Vi må forstå at vi alle har eit felles ansvar, sa Faysa Idle til NRK Dagsrevyen etter premieren.

Riksteatret og Det Norske Teatret lagar teater basert på Faysa si forteljing fra eigen oppvekst. «Ord for blod» er ei sann historie, ein innsiderapport frå veslesøstera til den farlegaste gjengleiaren i Sverige. Det er ei sår og ærleg forteljing om å vere menneske og kvinne og hamne midt i eit dødeleg gjengoppgjer – i ei verd der vaksne ikkje er til stades.

Faysa har blitt kalla «forstadens Pippi Langstrømpe». - Det er nok fordi eg torde å gå min eigen veg, sjølv når dei vaksne ikkje visste hva dei skulle gjere med oss. Eg måtte skrive og slam-poesien blei min måte å overleve på, seier ho.

Faysa si historie er ein tankevekkjende rapport frå tilstandar som mange av oss berre kjenner frå utsida. Den vedkjem oss alle, og håpet er at teaterframsyninga kan opne for nye samtaler om kva slags oppvekst vi ønskjer at barn og unge skal få.

Nokokure Dahl debuterer med hovudrolla i «Ord for blod» etter TV- og filmroller i «Pørni», «Blodsbrødre» og «Hva vil folk si». Ellers medverkar Serhat Yildirim (frå NRK-seriane «16», «17», «18» og «19»), Hibba Najeeb (frå «Skitten snø», «Hva vil folk si») og Ken-Philippe Tete.

Framsyninga passar for vaksne og ungdom frå 12 år.

 

PUBLIKUM MENER

Bør sees av alle som tror det finnes noen enkle og raske svar på ungdomskriminalitet. Og av alle andre.

Mina Gerhardsen, Barneombud

 

Brutal, morsom og rørende

Warsame Ali, leder av Flexid (ungdom og utenforskap)

 

Det var sterkt og veldig rørende. En forestilling jeg alltid kommer til å ha med meg videre.

Fatima Deria, miljøterapeut i Oslo fengsel og vinner av «Spillet» på TV2

 

Skremmende, men også veldig lærerikt.

Sarah Gaulin, daglig leder av LIM (Likestilling. Integrering. Mangfold)

 

Informasjon til publikum:
I denne framsyninga blir det røykt med urtesigarettar. Det blir også nytta lydeffektar som simulerer skot.

 

Av Faysa Idle, Daniel Fridell, Theodor Lundgren. Dramatisert av Seluah Alsaati.

Omsett til nynorsk av Ingelin Røssland.

Framsyninga er ein del av Den internasjonale Fossefestivalen 2025.

Forestillingslengde: 1 time 20 minutter (ingen pause).

Urpremiere: Oslo / Nydalen 7. sep 2025

Turnépremiere: Rommen scene 11. september 2025

Produsert av Riksteatret i samarbeid med Det Norske Teatret

KJØP BILLETT TIL: Ord for blod

På scenen

  • Nokokure Dahl

    Nokokure Dahl

    Skodespelar

  • Hibba Najeeb

    Hibba Najeeb

    Skodespelar

  • Serhat Yildirim

    Serhat Yildirim

    Skodespelar

  • Ken-Philippe Tete

    Ken-Philippe Tete

    Skodespelar

  • Bhkie Male

    Bhkie Male

    Skodespelar

Kunstnerisk team

  • Seluah Alsaati

    Seluah Alsaati

    Dramatikar

  • Affe Ashkar

    Affe Ashkar

    Regissør

  • Jasminda Asplund Blanco

    Jasminda Asplund Blanco

    Scenograf og kostymedesignar

  • Anders Ekman

    Anders Ekman

    Lys- og videodesignar

  • Simon Wimmer

    Simon Wimmer

    Komponist og lyddesignar

  • Marie Persson Hedenius

    Marie Persson Hedenius

    Dramaturg

  • Anders Hasmo

    Anders Hasmo

    Dramaturg

  • Embla Hane

    Embla Hane

    Regiassistent

  • Castro

    Castro

    Kunstnarleg rådgjevar

  • Emnet Kebreab

    Emnet Kebreab

    Kunstnarleg rådgjevar

  • Silje Vigerust Vinjar

    Silje Vigerust Vinjar

    Produsent