Kan nokon gripe inn

Basert på Stein Torleif Bjellas musikk og tekstar

Terningkast 6 for Stein Torleif Bjella på teater! 20.000 har sikra seg billett og hausten 2017 er det turné til heile landet.

Vi er på ein stasjon ein stad på bygda. Dei fleste toga dundrar forbi, men det er framleis liv i bygninga som har sett sine beste dagar. Hit kjem dei som vil reise vekk, som vil sleppe frå, som lengtar etter at kjærasten skal kome, som søker kontakt – eller som berre vil at nokon skal gripe inn.

Stein Torleif Bjellas karakterar og musikk dannar grunnlaget for framsyninga Kan nokon gripe inn. Lasse Kolsrud har skrive manus og har regi. Han har tidlegare, med stor suksess, skapt forteljingar om vanlege folks liv frå vanlege bygde- og småbysamfunn. I Bikubesong (av Frode Grytten, dramatisert av Lasse Kolsrud) følgde vi familiane i ei blokk i sentrum av Odda. I Sånne som oss (av Frode Grytten/DNS) fekk vi innblikk i tre generasjonar innbyggjarar i forstaden Loddefjord utanfor Bergen. I Bikubesong var det The Smiths som lydla scenerommet. John Olav Nilsen og gjengen var tonefølgjet i Sånne som oss. Denne gongen har Lasse Kolsrud fridd til ein av notidas aller fremste visekunstnarar.

Stein Torleif Bjella har sett ord og musikk til mange lagnader i distrikts-Noreg. Sjølv har han vendt tilbake til heimbygda Ål etter nokre år i hovudstaden. Her har han for alvor slått gjennom med songar om den norske bygdesjela. Dei handlar om vanlege folk, som alle strir med sitt, og som fåmælt og famlande prøver å finne ein plass – i kjærleiken og i verda. Det er motbakkar, små og store kriser, det er umogleg kjærleik og det er lange etableringsfasar.

Merk! Stein Torleif Bjella spelar sjølv i framsyningane i Bodø (6/11), Harstad (8/11) og Tromsø (11/11).

--

Pressa meiner:

"stopper livet ditt i 90 minutter" 
Aftenposten (6)

"en aldeles nydelig forestilling" 
Adresseavisa (6)

"Rått og sårt med Bjella-musikk" 
VG (5)

"Bygdeblues og hverdagsdrama "
Dagbladet (5)

"Stor underholdning" 
Dagsavisen (5)

--

Songane i framsyninga er henta frå albuma Heidersmenn, Heim for å døy, Vonde visu og Gode liv.

Videoer

Trailer

Gratis forestillingsintro

Fra CD til scene

Regissør og skodespelar Lasse Kolsrud fortel om arbeidet med å gjøre Stein Torleif sin musikk til teaterkonsert. Introduksjonen er gratis og open for alle. Velkommen!

Sted: På kulturhuset

Tidspunkt: 1 time før forestillingsstart.

Medvirkende

På scenen

Kjersti Dalseide

Skuespiller

Pål Christian Eggen

Skuespiller

Hallvard Holmen

Skuespiller

Lasse Kolsrud

Skuespiller

Hildegun Riise

Hildegun Riise

Skuespiller

Hans Rønningen

Skuespiller

Anders Oddvar Aarum

Musiker

Hallgrim Bratberg

Musiker

Erik Holm

Musiker

Nils Jansen

Musiker

Marius Reksjø

Musiker

Kunstnerisk team

Lasse Kolsrud

Regissør

Siri Langdalen

Siri Langdalen

Scenograf

Torkel Skjærven

Lysdesigner

Jostein Reistad

Lyddesigner

Belinda Braza

Koreograf

Carl Morten Amundsen

Dramaturg

Wenche Viktorsdatter Paulsen

Wenche Viktorsdatter Paulsen

Produsent