Toppar VG-lista

Av og med Are Kalvø

Are Kalvø er fortsatt helt på topp

Det er suverent levert, det føles godt å le igjen

Om popmusikken og meininga med livet.

Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?

Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.

Av Are Kalvø

Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).

Turnépremiere: Sandane 30. sep 2021

Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø. På turné med Riksteatret og Teater Vestland.

KJØP BILLETT TIL: Toppar VG-lista

Møt Are Kalvø etter framsyninga

Etter framsyninga kan du slå av ein prat med Are Kalvø i foajeen. Og har du lyst - og er typen til det - kan du óg skaffe deg ei signert utgåve av Ares nye bok "Toppar VG-lista".

Kan ein lære noko om livet av popmusikken? Are Kalvø trur det.

Music you're making me blue While I'm alone without you (F.R. David, Music, 1983)

Det finst kunst som er i livet vårt, anten vi vil eller ikkje. Når Are Kalvø no er aktuell på Det Norske Teatret og på turné med Riksteatret med framsyninga Toppar VG-lista , er det for å gjere oss merksame på denne kunsten. Som altså finn vegen til oss utan at vi vil det. Som vi ikkje treng å oppsøke, men som berre pressar seg på. Og nettopp fordi vi alle blir utsette for denne kunsten, trur A...
Les hele intervjuet med Are Kalvø

Kan ein gjette alder basert på ei hitliste?

Ja, Are Kalvø trur det. Sjå korleis det gjekk då han måtte gjette alder på sine to medspelarar, Julie og Ståle.

Are Kalvø i samtale med teatersjef Arne Nøst

Klipp frå Riksteatrets sesonglansering 18. august 2021.

Medvirkende

På scenen

Are Kalvø

Are Kalvø

Skuespiller

Julie Støp Husby

Julie Støp Husby

Skuespiller

Ståle Sletner

Ståle Sletner

Musiker

Kunstnerisk team

Erik Ulfsby

Erik Ulfsby

Regissør

Unni Walstad

Unni Walstad

Scenograf

Per Willy Liholm

Per Willy Liholm

Lysdesigner

Ingrid Weme Nilsen

Ingrid Weme Nilsen

Dramaturg

Silje Vigerust Vinjar

Silje Vigerust Vinjar

Produsent