Are Kalvø er fortsatt helt på topp
Jubelen står i taket
Stor stemning
Det er suverent levert, det føles godt å le igjen
Om popmusikken og meininga med livet.
Kan det hende at svara på alle dei store spørsmåla om livet ikkje er å finne i litteraturen, filosofien eller religionen? Kan det hende dei er å finne hos Britney Spears og Freddy Kalas?
Kan det hende at svara er å finne i dei skikkeleg populære songane som omgir oss gjennom heile livet? Are Kalvø trur det. Med utgangspunkt i eit knippe songar som har toppa VG-lista dei siste femti åra, prøver Kalvø i denne framsyninga å forstå vår tid og finne meininga med livet. Såpass må det vere. Toppar VG-lista handlar om liv, død, politikk, religion, kjærleik, vennskap, kriser og menn i altfor små shortsar. Og song og dans.
Av Are Kalvø
Forestillingslengde: 1 time 30 minutter (ingen pause).
Turnépremiere: Sandane 30. sep 2021
Ein samproduksjon mellom Det Norske Teatret og Teater Vestland, i samarbeid med Are Kalvø. På turné med Riksteatret og Teater Vestland.