Mellom fantasi og verkelegheit

I teaterstykket «Hundrevis av barn i vill kamp» blir vi ført inn i ei verd der fantasi, draum og verkelegheit er vevd inn i kvarandre. Vi erfarer hovudpersonen sine kjensler meir enn vi får historia fortalt. På same måte som vi kan bli forvirra av våre eigne kjensler, blir vi virra inn i guten sitt indre drama. Verken han eller vi forstår heilt hva som foregår, likevel opplever vi det heile tida som djupt meiningsfullt.

I teaterstykket «Hundrevis av barn i vill kamp» blir vi ført inn i ei verd der fantasi, draum og verkelegheit er vevd inn i kvarandre. Vi erfarer hovudpersonen sine kjensler meir enn vi får historia fortalt. På same måte som vi kan bli forvirra av våre eigne kjensler, blir vi virra inn i guten sitt indre drama. Verken han eller vi forstår heilt hva som foregår, likevel opplever vi det heile tida som djupt meiningsfullt.

Når vi snakkar med barn om kjensler i dag, kan det verke som om hensikta alltid er å lære barn korleis dei kan gjere vonde kjensler mindre ubehagelege. Som om det er eit mål å ikkje kjenne frykt, sorg og skuffing. Men desse kjenslene høyrer livet til. Og når vi latar som om kjenslene er noko «feil» ved barna som skal fjernast, blir barna ståande så aleine med det som er vanskelig. Det barna treng å sjå, er at vi alle har det vanskelig iblant og at det ikkje nødvendigvis er feil eller farleg sjølv om det er vondt og skremmande.

Når noko verkar truande, er det ein normal reaksjon å forsøke å få kontroll. Vår tids forsøk på å kontrollere det skremmande, uoversiktlege og komplekse er ofte å forenkle, definere og kategorisere. I staden for å la kjenslene våre leie vegen til ei djupare forståing for livet og mennesket, pakkar vi dei saman i små, isolerte øskjer og set store merkelappar på dei: ANGST, EINSEMD, DEPRESJON, SORG, SØMNVANSKAR. Det er som om vi vil blinde oss sjølve frå å sjå at kjenslene våre heng saman og bærer meining. Vi forflatar det indre livet vårt og deler det opp i reinskårne tilstandar blotta for motsetningar. Som om vi er styrt av enkle, oversiktlege mekanismar – som om hjernen er ei datamaskin. Men du kan aldri forstå deg sjølv berre gjennom faktakunnskap om hjerne og kropp. Vi er alle nødt til å erfare, undre oss og vere usikre. Det uutgrunnelege er til stades i draum og fantasi, enten du er fem, femten eller femti.

I «Hundrevis av barn i vill kamp» ser vi korleis draum, fantasi og verkelegheit kan gli over i kvarandre og verke saman. Når dei vaksne avviser guten og ikkje klarer å romme kjenslene hans, blir ikkje berre verkelegheita, men også fantasiverda hans, skremmande. Men i fantasien kan han leike med det skumle og ubehagelege utan at det eigentleg er farleg. Han kan forstå og bearbeide kjenslene sine, og samtidig halde på ein viss kontroll og distanse.

Når den digre dinosauren i teaterstykket trampar rundt i glitter og rosa strutteskjørt, er det som livet sjølv: Det er både fabelaktig og skremmande, nokre gongar begge deler samtidig. Vegen er kort mellom ekstase og sorg, mellom draum og verkelegheit, mellom angst og fryd. Målet er ikkje å rydde vekk eller fjerne kjensler, men å øve på å vere i dei. Og fantasien er ein strålande stad å vere i når vi øver: Vi kan erfare kjenslene våre og samtidig ha moglegheita til å tre ut av fantasiverda og inn i verkelegheita når fantasiane blir for valdsame. På same måte kan vi leve både lysten og skrekken ut i fantasi og draum når verkelegheita gir oss for trange rom eller smertefulle innsikter.

Les meir om "Hundrevis av barn i vill kamp"