Litteraturhuset 25. januar: Vaffelhjarte. Sniktitt på teater og besøk av Maria Parr

Sjå utdrag frå Vaffelhjarte-framsyninga og møt forfattar Maria Parr på Litteraturhuset lørdag 25. januar kl 12.00.

Sjå utdrag frå Vaffelhjarte-framsyninga og møt forfattar Maria Parr på Litteraturhuset lørdag 25. januar kl 12.00.

Lena kjem flyttande, og endeleg får Trille ein besteven. Men er det så sikkert at Lena er like begeistra for Trille som Trille er for henne?

No vert det laga ei heilt ny teaterframsyning basert på boka "Vaffelhjarte" av Maria Parr, som av mange blir omtala som vår tids Astrid Lindgren. Framsyninga skal på turné over heile Noreg i regi av Riksteatret, men fyrste stopp, før premieren til og med, blir på Litteraturhuset i Oslo.

Her får vi sjå nokre smakebitar frå historia om dei to venene i kystbygda Knert-Mathilde. Dessutan vitjar forfattaren Maria Parr huset! "Vaffelhjarte" var debutantboka hennar og kom ut i 2005. Kva tenkjer Maria Parr om å sjå boka si som teater, og kva skriv ho på no? Programleiar er Liv Gulbrandsen.

Dessutan vert det loddtrekning! Nokre heldige publikummarar kan vinne fire billetter til framsyninga på Riksteatret til valfri dato.

Arrangementet passar best for barn frå fem år.

Sted: Litteraturhuset

Tidspunkt: Lørdag 25. januar kl 12.00. Varighet: 1 time.

Billettsalet er i gang. Kr 50,-. Kjøp billetter..

Velkommen!

Arrangementet er eit samarbeid mellom Litteraturhuset, Riksteatret og Det norske samlaget.

PS! Bur du ikkje i Oslo? Følg oss på streaming på Riksteatret sin Facebook-side.

Les mer om forestillingen..