Ikkje synest synd på meg!

Åsa Lindeborg møter Faysa Idle

Eg lever med to ulike tystnadskulturar, seier Faysa: - Somaliarane sin og det andre Sverige sin.

Eg lever med to ulike tystnadskulturar, seier Faysa: - Somaliarane sin og det andre Sverige sin.

Faysa Idle, fødd 1998, var 25 år då ho slo igjennom med den sensasjonelle oppvekstskildringa Ett ord för blod. Sensasjonell, for her kom ei ung kvinne som fortalde om livet i eit bustadområde som har fått omverda til å sjå på Sverige med heilt nye auge.

Same året, i 2023, døydde 121 personar i ulike skytingar. Talet sprengingar, av portrom og anna, var 149. Gjerningsmenn og offer var for det meste svært unge menn. Mange hadde, som Faysa, somalisk bakgrunn.

- Mor mi har fått mykje kritikk for sjølvstenda mi. «Sjå korleis ho skriv om oss overfor dei kvite», kan somaliarane skrive på ulike nettforum. Dei påstår at eg ikkje lenger er muslim, dei forsøker å ta religionen frå meg.

Med «det andre Sverige» meiner Faysa den politisk korrekte offentlegheita.

- I Noreg får eg andre spørsmål, dei er meir rett på sak om ære og korleis kvinnene i orten lever. I Sverige er dei så feige, om eg slumpar til å seie noko blir det store overskrifter.

«Orten» er forstaden Tensta, ei dryg mil nordom Stockholm. Det er hus på hus som vart bygde i 1960-åra for å løyse ein akutt bustadmangel. Der bur det 18500 personar, og 89 prosent av dei har utanlandsk bakgrunn. Der skapar nedarva traume og segregasjon ein psykisk vonlaus, fysisk brutal og politisk brennbar cocktail.

Mor til Faysa er med sine tre jobbar ein typisk representant for den etnofiserte arbeidarklassen. Faren er ein annan stad. Søskenflokken er stor. Ein bror vart jurist, ein annan kriminell og ein arbeidsam bror vart skoten då han køyrde drosje.

Det er dette livet Faysa har framstilt i «Ett ord för blod».

Faysa sitt liv er ei sak, men det er språket hennar som gjer boka til litteratur. Det er kraftfullt og kreativt, med klåre forbindelsar til slampoesi-tradisjonen.

- Familien vart redd første gongen eg stilte meg på ein scene og las dikta mine. Dei skjemdest; eg tok plass og orda mine var farlege.

Kvinner skal ikkje synast, dei har ikkje rett til orda, men det var likevel mora sin kjærleik til poesi som styrte Faysa mot litteraturen. Skulen beskriv ho som «ein vits».

- Vi fekk bestått berre vi møtte opp i timane, vi lærte ingenting.

Dei fekk iallfall bruke den svensken dei kunne slik dei ville, sjølv om språket var avgrensa. Det vart ikkje tvinga gjennom middelklassens poleringmaskin.

- Alle kan måle i bilete med sine eigne språk, alle kan leike med dei orda dei har.

Ordleiken handlar ofte om døden, den som stadig er nærverande, ettersom så mange rundt dei døyr. Barn skyt barn i ulike gjengoppgjer, mens politikarane kappast om å skjerpe straffene.

- Om du ikkje har noko å tape, så spelar det inga rolle. Du er kapabel til kva som helst, seier Faysa.

Bror hennar, Bilal, tilhøyrde den kriminelle gjengen Shottaz, som låg i krig med Dödspatrullen.

Jentene og kvinnene vart råka av ein annan vald: kontrollen over kjønnet og kroppane deira.

- Det er gutane som bestemmer kven som er ei hore, og den jenta som får det stempelet kan aldri gifte seg, livet kan bli øydelagt.

Somaliarane seier at det er dei andre, dei frå Midtausten som held på med ære, ikkje vi.

- Men det stemmer ikkje, alle har grenser for kva ein får gjere. Alle får juling heime av brørne eller foreldra sine, det er heilt normalt, ikkje noko ein snakkar om. Eg godtok det til slutt ikkje.

Faysa gjekk bak ryggen på mor si og kontakta sosialtenesta.

- Dei hjelpte meg med å forstå at eg er medavhengig med bror min.

Å skrive Ett ord för blod var ein frigjeringsprosess som gav Faysa tilgang til «det andre Sverige».

- Først gjekk eg meg vill i suksessen og prisane. Eg vart ein people pleaser. Før var eg ikkje redd for å miste noko eg ikkje hadde tilgang til, men no er eg det, no passar eg på meg sjølv.

Samtidig er ho redd for ikkje lenger å høyre til forstaden. Korleis er det i dei fine romma? spør vennane hennar nyfikent.

- Svaret er, at der blir eg gjort mindre. Eg har ingen pengar og blir berre sett på som ei smart gettojente som har hatt flaks og tilfeldigvis hamna på rett stad, eg må alltid forklare for dei korleis det er i jungelen. Må alltid forsvare alt, trass i at eg fram til no nyleg berre var eit barn. Eg må alltid be om orsaking for den kriminelle bror min, trass i at eg aldri har forsvart det han har gjort, men når alt kjem til alt er han framleis bror min.

Faysa vart ordknapp, stille.

- I dag har eg funne ein balanse gjennom kunsten min. Mi første diktsamling kjem snart.
Kva seier du til det norske teaterpublikummet, som kanskje sit der og synest synd på deg?

- Det er fornedrande! Eg har jo vist at eg er sterk og har klart dette! Vi i forstaden veit allereie at vi er «stakkars», ein kjenner seg som eit velgjerdsprosjekt. Det vil ein jo faktisk ikkje vere.

Omsett av Inger Johanne Sæterbakk.

Les meir om "Ord for blod"