Previous Print page Site Map toolbar

Kjære publikum

Klassikarane til et moderne publikum

Eg er så gammaldags at eg meiner ein kulturinstitusjon som Riksteatret har plikt til å presentere klassikarane på ein måte som talar til eit moderne publikum.

Derfor byr vi mellom anna på ein av  Henrik Ibsen sine mest aktuelle klassikarer, Fruen fra havet, og ein av mine største teaterfavorittar, den moderne klassikaren Blackbird, denne hausten.  I samarbeid med det store Egner-jubileet lagar vi også ei festframsyning av Klatremus og de andre dyrene i Hakkebakkeskogen med ny scenografi og nyinnspela musikk av Kristiansand Symfoniorkester til glede for ein heilt ny generasjon barn i Norge. Eg gler meg til å ta fatt på regioppgåva for denne framsyninga!

Elles byr vi på både figurteater og dans i ei og same framsyning, laga av multitalentet Duda Paiva. Han vinn publikumsprisar over heile verda og vi er heldige som har fått han til Norge.

Ta vel imot oss og velkomen til Riksteatret.

Ellen Horn
Teatersjef

Ellen Horn

Ellen Horn

foto: Erik Berg